Boka «ROLE Reversal» av Mark Barnes vart av Teacher Librarian Magazine kåra til «Best Professional Book» i 2013. For alle som er interessert i nye læringsmåtar i skolen er dette ei svært viktig bok.

Mark BarnesTittelen viser både til at rollene i klasserommet må endrast og at det er resultatet som tel: Results Only Learning Environment. Hovudbodskapen i denne boka kan oppsummerast slik:

  • Elevane samarbeider dagleg om fleire lansiktige prosjekt
  • Elevane får heile tida skriflege tilbakemeldingar
  • Å nytte tverrfaglege prosjekt som strekker seg over eit heilt år gir betre læring enn bruk av lærebøker, lekser og prøver
  • Å gi eleven frihet og uavhengighet er viktigare enn kontroll og styring gjennom bruk av karakterar
  • Eleven tar ansvar og kontroll med si eiga læring, slik at behovet for tradisjonell klasseleiing fell bort

Mark Barns jobba i mange år som tradisjonell lærer før han våga å legge om systemet sitt radikalt. Nå introduserer han ROLE systemet til elevane på følgande måte:

  1. Vi brukar ikkje lekser
  2. Vi driv ikkje med kopiering frå tavla eller frå lærebøker
  3. Vi har ikkje prøver
  4. Vi har nesten ingen reglar i klasserommet
  5. Elevane skal få sjølv få velge mye av det dei vil lære og korleis dei vil lære.

Som lærar gir Mark Barns opp det meste av klasseromskontrollen. Elevane blir gitt autonomi. Er du ein tilfeldig gjest i eit ROLE klasserom, så vil du ha problem med å finne læraren. For ein ekte indre motivasjon hos elevane er det som skal drive læringsprosessen. Grunnlaget for ein slik motivasjon meiner Barnes er: Autonomi, mestring og at det du lærer er meiningsfullt.

Ein av elevane hans frå åttande klasse summer opp ROLE systemet slik:

Vi har alltid blitt fortalt at motivasjon er viktig, men denne er annleis. Vanligvis betyr motivasjon at du skal gjere leksene dine i tide og arbeide godt mot prøver. Men den typen motivasjon dette systemet skaper blir ikkje bare verande  i klasserommet. Den er bygt på tillit og frihet. Til å begynne med blei vi forvirra, fordi vi aldri hadde blitt gitt slik tillit. Først trudde eg at klassekameratane mine ville misbruke tilliten, men i staden skapte dette meir motivasjon for skolearbeid. Eg trur dette skuldast at læraren ga oss tillit som om vi var vaksne. Etter som vi begynte med prosjektarbeid lære vi korleis tilbakemeldingar fungerte. Eg elskar ideen om å få vite nøyaktig kva eg gjorde feil og koleis eg kan rette den opp. Mange av dei andre i klassen ville vere einige med meg i at vi lengtar etter spesifikke tilbakemeldingar i alle timane. I engelsktimane så lever vi og pustar «indre motivasjon». Vi blir ikkje tvinga til å gjere noko spesielt, det vi gjer gjer for læringas eiga skuld. Det er kva dette systemet eigentleg handlar om. Dette som eg har lært her vil eg ta med meg og bruke resten av livet.

Årsprosjekta er sentrale i denne pedagogikken. Eit godt døme er eit tverrfagleg prosjekt som «Historisk dagbok». Ved oppstart om hausten får kvar elev velge seg ei personrolle frå ein bestemt historisk periode. Så skal eleven skrive dagbok for denne personen gjennom heile året. Det må gjerast grundig arbeid i oppstarten. Så dei første vekene dreier nesten alt seg om dette prosjektet. Men etter kvart blir elevane sjølvgåande. Heile tida gir læraren tilbakemreldingar på språk, struktur, innhald, historiske fakta, osv. Slik blir dagboka betre og betre utover året. Ved juletider har boka blitt så bra at lærarens kommentar kan bli: «Kanskje du skal tenke på å publisere dette….?»

Mark Barnes er tilhengar av å ta i bruk datateknologi klasserommet. Elevar kan samarbeide om dei same dokumenta som også læraren brukar til å skrive kommentarane i. Resultata av prosjektarbeida kan derfor dokumenterast på ein måte som legg opp til  kontinuerlege forbetringar.