Det er godt at elevane sjølve slepp til orde, som i Aftenpostens  Si:D. Ikkje få innlegg handlar om karakterar. Slik skriv ein anonym 18-åring 18. januar:

Det er et problem at karakterer er viktigere enn den faktiske kunnskapen, og evnen til å reflektere rundt faget. Sånn det er i dag behøver man ikke å skjønne faget, man må bare huske det man har lest til prøven er over. Karakteren man får har ingen verdi, for kunnskapen sitter ikke. Man skal bare prestere hele tiden, men man har ikke tid til å forstå hva man egentlig lærer.

karakterer bok (430x640)Eller Frida, som også er 18, den 18. august:
Med en gang man begynner å få karakterer, blir man satt i bås. Da er det de dumme og de smarte. Jeg vet det selv, for intelligens blir målt etter hva slags karakterer du har, noe som er helt idiotisk. Karakterer er egentlig det eneste folk bryr seg om på videregående. Får du en dårlig karakter, kan du egentlig bare gi opp.

Skal vi ikkje lytte til elevane? I forlenginga av debatten om målstyring i skolen bør vi ta opp igjen debatten om karakterar. Men kvifor er lærarane så tause? Kanskje er det nettopp karakterane som har gjort at dei kan kjenne seg som vinnarar.

I 1972 sette regjeringa ned «Evalueringsutvalget», som skulle kome med forslag til vurderingssystem både i grunnskole og vidaregåande skole. «Karakterene ut av skolen» var tittelen på ei lita bok frå 1978 av Halvor Elvik. Her oppsummerer han to innstillingar frå Evalueringsutvalget, Eva I og Eva II. Fleirtalet i utvalget går inn for karakterfri ungdomsskole, og eit mindretal på 4 av 10 går inn for også å ta bort karakterane i vidaregåeande skole. Det er underleg å lese dette i dag, kor langt meir radikale vi var då. Forslaga skapte ein svær debatt, men resultatet blei jo dessverre det karaktersystemet vi har nå.

Eg begynte i skolen midt under den heitaste Eva-debatten. Etter å ha vore i systemet  i ein 40-års periode er eg i dag meir overtydd enn nokon gong om at det viktigaste vi kan gjere for å fremje læring i skolen er å ta bort karaktersystemet. Men kvifor vart det nærmest slutt på karakterdebatten?

Karakterane er viktige av to grunnar. Den eine har med klassesamfunnet å gjere, og den andre har pedagogiske årsaker.

Eit typisk trekk ved eit klassedelt samfunn er at medlemmer av overklassen kan kjenne seg  særleg verdifulle ved å  samanlikne seg med underklassen. Det ein samanliknar er ofte slikt som slekt, makt, rikdom og i vår tid også utdanning og skoleprestasjonar. Identitet knytta til gode karakterar gir ein ei livslang kjensle av å vere særleg verdifull. Omvendt for taparane, karakterane blir eit bevis på at du er mindre verdifull.

Stadig fekk eg høyre på lærarrommet frå kollegaer: Det er likskapstankegangen til AP og SV som har øydelagt skolen. Men bak dette ligg gammal klassetenking: Ta ikkje frå oss muligheten til vise at vi er meir verdifulle enn «dei andre».

Men det finns også pedagogiske årsaker til å halde på karaktersystemet.  Skolen har vore prega av kampen mellom eit snevert og eit breiare syn på læring. Radikal pedagogikk vil sjå på eleven som eit menneske under utvikling, medan fagmiljøa vil sjå på eleven som eit objekt for kunnskap. Desse fagmiljøa har i alt for stor grad sett sitt preg på skoledebatten, og innsnevrar vår forståing gjennom begrep som læringsutbytte, læringstrykk, den gode timen, klasseleiing og kunnskapsmål. Men det snevre fagfokuset har ført læringsprosessen inn i ei blindgate. Gå inn i ein typisk skoletime i dag og du vil finne at dei elevane som arbeider godt fagleg med ein ekte fagleg motivasjon representerer eit lite mindretal. Det er dei få som kan lære ved å lese lærebøker og ved  å høyre på læraren som pratar ved tavla. For å halde dette systemet gåande trengs det gulrot og pisk. Og her har karaktersystemet sin funksjon. Om du seier til ein lærar i skolen i dag, slutt med karakterar. Så vil dei fleste  svare: Korleis skal eg då motivere elevane?

Likevel er er det eit veksande antall lærarar som gjerne skulle sleppe karaktersystemet. Tenk deg som lærar at elevane dine har eit årelangt prosjekt i norsk der dei skal arbeide med ulike tekstar, på blogg, i skoleavisa, eller i lokalavisa. Gjennom heile året blir det gitt  tilbakemeldingar frå lærar, medelevar, foreldre og avisredaksjon. Eleven skal heile tida kunne gjere tekstane betre. Som lærar vil du då også oppleve at eleven gjennom året gradvis tar meir ansvar for eiga læring. Prosjektet blir avslutta siste skoledag i juni med presentasjon av resultatet for lærar, medelevar og foreldre.

Eg kan garantere at med eit slikt opplegg vil det sjølvvalgte læringstrykket for elevane vere særleg høgt i juni. Resultatet av det årelange prosjektet blir ein del av eleven si digitale mappe, som saman med læraren si sluttvurdering kan brukast når eleven seinare skal søke jobb eller vidare utdanning. Slik kan eleven få dokumentert eit breitt spekter av kunnskapar og ferdigheiter. Ingen skal kome ut som tapar.

Det er på tide å ta opp igjen karakterdebatten frå syttitalet. Karakterane må ut av skolen!