Som lærar eller elev kjenner du deg kanskje igjen i følgande påstandar om kva skolesystemet gjer med dei unge:

  1. Reduser eit ungt menneske til elev, og brått kan du gjere ting med han eller henne som du aldri ville gjere med din beste venn.
  2. Lær dei tidleg at dei ikkje kan ta ansvar for eiga utvikling og læring.
  3. Tving dei inn i ”vårt” system, med arbeid, plikter og stress, slik at dei gløymer kven dei er og kva dei gløder for.
  4. Minn dei på, gjennom dagleg praksis, at deira eigna tankar og spørsmål ikkje har nokon verdi. Vi, vaksensamfunnet, har tenkt for dei.
  5. La dei ikkje få fridom til å velge ut frå eigne interesser. Lær dei at deira interesser alltid må vike for ”våre” fag.
  6. Gjer det klart for dei unge at arbeid og plikter er viktigare enn leik, dans og glød.
  7. La dei lære i vårt tempo, ikkje i sitt eige.
  8. La dei ikkje kunne velge kva vaksne dei vil vere saman med.
  9. Nekt dei å vere saman med, og å kunne lære av eldre elevar.
  10. La ikkje dei eldre få lov til å hjelpe dei yngre.
  11. Innprent i dei unge at deira verdi i samfunnet heng nøye saman med korleis dei presterer i skolefag.
  12. Lær dei skoleflinke at dei har rett til å sjå på seg sjølv som særleg verdifulle, og derfor rett til dei beste jobbane.
  13. Lær skoletaparane at dei er mindre verdifulle, og derfor må ta til takke med dei dårlegaste jobbane.
  14. Gi dei unge skolens dop, karakterar. Slik at dei etter kvart blir avhengige.