Nøkkelen til  ein god skole er å forstå korleis ekte eller indre motivasjon skaper god læring. Om dette skriv Daniel H.  Pink i boka «Drive, The Surprising Truth About What Motivates Us». Lenge har motivasjonsforskning hevda at vi er motivert ut frå to grunnleggjande  drivkrefter, biologiske behov og straff og belønning. Drive

Pink viser til mye ny forskning om at det finns ei tredje drivkraft, som er blitt kalla indre motivasjon eller indre belønning. Belønninga er gleda vi får bare ved å vere djupt engasjert i ei oppgave eller i ein aktivitet. Harry F. Harlow viste med forsøk alt på 40-talet at til og med apekattar kunne finne glede i ein aktivitet i seg sjølv, som å løyse eit puslespel, utan ytre belønning.

Pink hevdar at å bruke gulrot og pisk har ei rekke uheldige konsekvensar:

  1. Den indre motivasjonen kan bli ødelagt.
  2. Kvaliteten vi utfører ein aktivitet på blir dårlegare.
  3. Kreativitet kan bli ødelagt.
  4. Vi blir ikkje like motivert til gode handlingar.
  5. Det kan føre til fusk, snarvegar og uetiske handlingar.
  6. Vi kan bli avhengige av belønningar.
  7. Det kan føre til at vi tenkjer for mye på kort sikt.

Denne nye måten å tenkje om motivasjon på har tre viktige element, i følge Pink:

  • Autonomi: Ønske om å bestemme i våre eigne liv.
  • Mestring: Å gjere framsteg, å bli betre i noe som er viktig for oss.
  • Meining: Ønske om at det vi gjer skal vere viktig for noe som ligg utanom ein sjølv.

Korleis kan vi hjelpe barn og unge i skolen for å utvikle seg mot større autonomi, mestring og meining? Kva kan vi gjere t.d. i høve til lekser? Som lærar bør du stille deg følgande spørsmål:

  • Gir du elevane autonomi i høve til når og korleis dei skal gjere lekser?
  • Er heimearbeidet stimulerande, noe nytt eleven skal utforske?
  • Opplever eleven leksene som meiningsfulle?

Pink meiner at det er veksande forståing i næringslivet for kor viktig den indre motivasjonen er. I boka hans kan ein også finne døme frå fem ulike skolar som alle har lagt om systemet slik at autonomi, mestring og meining blir det sentrale.