Befringsitat

Edvard Befring er ein nestor i det norske pedagogikkmiljøet. Han har skreve ei rekke bøker og artiklar og har vore ein sterk talsmann for ein radikalt ny skole. Tittelen på dette innlegget er henta frå ein av hans artiklar som du kan lese her.

Ein godt formulert setning kan seie meir enn tusen ord. Her kjem ein del Befringsitat:

  • Det meste av læringsarbeidet set såleis så svake spor etter seg at det forsvinn som dogg for sol etter kort tid.
  • …. ser det ut til å vere grunnlag for ein konklusjon om at skoleopplæringa har minimal betydning for dei unges kunnskaper og interesser seinare i livet.
  • … alt for mange forlet skolen med bøygde nakkar.
  • Tida er for lengst inne til å ta timetabellen opp til kritisk vurdering.
  • Vi må bryte tanken om at klassen nærmast er ei livsnødvendig gruppering.
  • Dette har til konsekvens at læringslyst, motivasjon og interesseutvikling ikkje berre er eit vilkår, men eit avgjerande mål for skolens arbeid.
  • Også elevane i grunnskolen treng å få arbeide nokre veker i trekk med til dømes norsk eller naturfag, utan å få oppstykka og øydelagt konsentrasjonen ved å springe frå det eine til det andre.
  • Her gjeld det sjølvsagt å gi rom for  både aktivitet, konsentrasjon, langsiktig fordjuping, kreativitet og evne til ansvarstaking for eiga læring.
  • Utstøytingsprosessane i skolen fører til at mange barn og unge blir rekrutterte til miljø  og subkulturar som er kjenneteikna ved vagabondering, rusmiddelbruk og kriminalitet.
  • Mange skoleelevar er rett og slett i ein ulukkeleg livssituasjon. Dei kjenner smertene ved å vere elevar som ikkje får det til – fagleg, sosialt og personleg.
  • Mange barn og unge har primært lært at dei verken kan eller vil lære, dei har mista trua på sine eigne føresetnader.
  • Kvifor skal ikkje elevane ha større tilgang til laboratorium, verkstader etc., men i stor grad vere avgrensa  og ofte passiviserte til klasserommet?
  • Dette vil kreve ein ny praktisk pedagogikk og ei strukturell reform.