Karl-Erik Kval representerer hundre år gammal pedagogikk som ikkje vil forlate klasserommet. På Dagsnytt 18 påpeika elevrepresentanten akkurat dette. Eg kjøpte Kvals bok, men ikkje eit ord om at det kanskje var noko feil med det pedagogiske systemet.

Over ein 40-års periode har eg undervist i vidaregåande. Eg har også mislukkast med gruppe og prosjekt arbeid. Men sjå på kva som skjer på forskarlinjene i dag. Her er prosjektarbeid og ansvar for eiga læring heilt sentralt.
Datamaskinen gjer at ein annan pedagogikk blir mogleg. Eg har opplevd dette. T.d. at elevar i IT-2, når dei sjølve får velge prosjekt, brukar dagevis av juleferien til prosjektarbeid. Eller at elevane ønsker å kome i gang med arbeidet før det ringer inn til time.
Men eg er ingen superlærar. Løysinga for skolen er å innsjå at 100-år gammal pedagogikk ikkje fungerer, og å endre skolen slik at den blir meir sentert om eleven og at eleven lærer, og ikkje slik som i dag, der fokuset er på undervisning og lærar.