I «Det store skolesviket» har Karl-Eirik Kval skreve om korleis skolen svik elevane. Hovudtrekka i diagnosen hans er at nye pedagogiske metodar som prosjektarbeid og ansvar for eiga læring ikkje fungerer. Også innføringa av PC i timane har gått ut over læringa. Han har 18 konkrete forslag til forbetringar. Hovudfokuset hans er korleis fleire og betre sanksjonar vil auke læringstrykket og skape arbeidsro i skolen.
Eg har undervist i vidaregåande over ein 40-års periode, og eg er langt på veg samd med Kval i hans skildring av tilstanden i skolen. Du kan bli deprimert av, dag etter dag å sjå alle desse elevane med tome blikk og bøygde nakkar. Etter 12 år i systemet hadde eg mista trua på skolen og gjekk i 1986 over i det private næringslivet. Min diagnose av årsakene er ein heilt annan enn Kval sin. Den hundre år gamle pedagogikken som han representerer har for lenge sidan gått ut på dato.
Forvitringa i skolen er ikkje noko nytt. På 50-talet gjekk eg på 7-årig folkeskole. Også då lengta vi mot friheten utanfor klasserommet. Seinare vart det eliteskolen landsgymnaset. Mange av mine kollegaer har vist til landsgymnaset som det gode dømet. Men mi interesse for fysikk, som eg seinare tok hovudfag i, vart skapt utanom skolen. Ikkje eit minutt av fysikkundervisninga på landsgymnaset var inspirerande.
Skal skolen skape danna menneske av dei unge og samstundes stimulere til eit livslangt læringsløp er ein stor grad av frihet i eige læringsliv den viktigaste føresetnaden. Her er det skolen syndar mest. Å nekte elevane større frihet til val drep lærelyst og fortel dei at deira eigne tankar har ikkje nokon verdi. I dagens skole kan eleven i alt for liten grad velje kva og korleis han vil lære, i kva tempo, kven han vil lære saman med eller kven han vil lære av.
Etter å ha vore ute i næringslivet nokre år, også som gründer, kom eg etter 22 år tilbake. Dei tidlegare kollegane kunne fortelje om alle endringane i skolen. Men det som overraska meg var kor lite skolen hadde endra seg.
Eg avslutta min yrkeskarriere med nye 5 år som lektor i vidaregåande. Merkeleg nok vart dette dei beste åra. Elevane var meir modne og høflegare enn før. På lærarrommet høyrde eg sjeldan standardkommentaren frå 70-åra: Skolen er i grunnen ein bra arbeidplass, hadde det ikkje vore for alle elevane. Det hadde visst gått opp for dei gamle lektorane at eleven faktisk er eit menneske.
Dei siste åra underviste eg i fag som gjorde det mogleg med ein annan pedagogikk, Informasjonsteknologi og Teknologi og forskningslære. Eg slapp å vere «superlærar» ved tavla, og overlet meir ansvar til elevane. Prosjektarbeid vart sentralt, liksom bruk av PC. Elevane kunne ta større kontroll og ansvar fordi fag, opplegg og arbeidsmetodar var interessante. Særleg viktig er det å drøfte opplegget med elevane. Ofte opplevde eg det som gleder ein lærar aller mest: At elevane ut ifrå eige initiativ valde eit høgare læringstrykk med meir ambisiøse mål enn det eg som lærar hadde planlagt.
Det store skolesviket er etter mi meining sviket mot eleven som eit fritt menneske. Og skolen sviktar dei flinke like mye som dei svake. Å rope på strengare sanksjonar kan kanskje fjerne nokre symptom, men gjer ingen ting med årsakene. Læringsplakaten for skolen er prega av dette synet på eleven, at du som lærar må tenke menneske før fag. Når skal vi ta Læringsplakaten på alvor?