I Agderposten 22-4-2014, som svar til kronikk av Per Haakstad.

Eit av hovudargumanta til skolekritikarane, slik som Per Haakstad i sin kronikk, er at ansvar for eiga læring ikkje fungerer. Men er det ikkje med ansvar for eiga læring at barn tileignar seg ei mengde kunnskapar og ferdigheiter før dei startar på skolen? Tenk bare på korleis små barn kan lære fleire språk samstundes. Som ungdommar og vaksne tar vi heile tida dette ansvaret. Då blir det eit viktig spørsmål kvifor tradisjonell klasseromsundervisning gjer at eit slikt ansvar ikkje fungerer.
Det kjennest ikkje som skolen i dag er ein naturleg del av livet. Kva er i grunnen den naturlege måten å lære på? Tenk om vi som vaksne blei fortalt at vi dei neste 13 åra skulle få liva våre definert slik: Å bli låst inne i eit klasserom dag ut og dag inn til lærarstyrt tvangsforing av kunnskap, etter ein fastlåst timeplan. Som vaksne ville vi aldri akseptert dette. Men kvifor er det då rett for dei unge?
Over ein 40-års periode har eg undervist i vidaregåande skole. Eg er overtydd om at hovudårsakene til problema er det pedagogiske systemet som skolen bygger på. Eit system som nesten ikkje har endra seg på fleire hundre år. Læraren sit med kunnskapane, som han så skal overføra til elevane. Etter mi meining har dette aldri fungert.
På 60-talet gjekk eg på landsgymnaset, det næraste vi vel har vore ein eliteskole her i landet. Men kva læringssystem var landsgymnaset? Når eg tenker tilbake, så minnest eg først og fremst alle dei døde timane. Timar frå fagsterke lektorar som fekk oss til å forstå at skolen i grunnen var på sida av livet. Aldri fekk vi stille våre eigne spørsmål. Alt det faglege strevet bare for å få den rette inngangsbilletten til vidare studium. Kortsiktig læring for å bygge opp «faglege korthus» fram mot neste eksamen. Straks eksamen var over såg vi kor lett slike korthus rasa saman.
I dei fire åra på gymnaset opplevde eg bare eit unntak, fransklæraren. For han tenkte ikkje fag, pensum eller eksamen. I timane delte han med oss av si store interesse for fransk litteratur. God litteratur reiser alltid vesentlege spørsmål. Timane hans vart ein viktig del av liva våre. Vi opplevde alle korleis ein levande time kan vege opp for hundre døde. Men kvifor skjedde ikkje det same i faget engelsk? Engelstimane vart døde timar fordi stor litteratur vart redusert til språklæring, fag og pensum.
Det tradisjonelle kunnskapsparadigmet står for fall, og med det den tradisjonelle lærarrolla. Det viktigaste er ikkje kunnskap, men evne til og interesse for å stille stadig djupare spørsmål. I ein slik læreprosess vil læraren kunne bli ein viktig samarbeidspartnar.