Har vi framleis ei «jorda er flat» haldning i vårt syn på korleis dei unge best lærer og utviklar seg?

Har du ei oppfatning av at jorda er rund, så vil du kunne kunne observere heilt andre «fakta» enn ein som framleis meiner at jorda er flat. Etter å ha undervist i vidaregåande skole i ein 40-års periode vil eg hevde at vi på mange måtar er prega av ei «jorda er flat» haldning i vårt syn på skole og læring.

Ikkje minst kjem dette til uttrykk i dei problemstillingane som skoleforskarane tar opp. Dei oppfører seg som om vi aldri har hatt nytenkande pedagogar som Dewey, Piaget, Holt, Freire eller vår eigen Befring. Tenk om fysikarane i si forskning skulle hevde at vi kunne sjå bort frå Newton, Einstein og Schrødinger?

Dei store pedagogane er einige i hovudretninga for den gode skolen: Eleven si læring skal vere i sentrum, ikkje læraren si undervisning.

Dersom du som lærar går på «jobben» med ei kjensle av å møte opp ved samlebandet, utan å brenne for noko, utan eit sterkt ønske om sjølv å lære noko, er det då rart at elevane kjedar seg og lærer lite?

Når læring er dominert av industritankegangen og har modell frå samlebandet, så blir skolen bare døde timar. Dette systemet har dominert i generasjonar slik at  både foreldre, lærarar og elevar har mista evna til å sjå kva som eigentleg skaper ekte læring og personleg utvikling. Slik er haldningane våre blitt: Barn og unge er ikkje i stand til å ta ansvar for sitt eige læringsliv. Skolen har alltid vore på sida av livet. Læraren skal ha kontroll, ikkje eleven. Det er naturleg å kjede seg i skolen. Elevane må disiplinere seg til å halde ut. Effektiv læring krev eit system med bruk av gulrot og pisk.

All mi tid i skolen har eg undra meg over kor ulike elevane er innanfor og utanfor klasserommet. Det er nesten som ein har å gjere med to ulike menneskerasar. Alle lærarar kan gjere denne enkle observasjonen: Samanlikne lærelyst, glød, iver og kroppshaldning hos elevane i klasserommet og utanfor klasserommet. Eller samanlikne livet i ein alternativ skole slik som Montesorri med den offentlege skolen.

Dersom ein då kan tillate seg å tru at jorda faktisk er rund, og ein ikkje har blitt for sløv etter alle åra ved samlebandet, så vil ein kunne få ny innsikt om skole og læring, ei innsikt som titals forskarrapportar ikkje kan gi.  Løysinga har vi alt langt på veg.  Kva er det som hindrar oss i å legge om frå den undervisningsstyrte skolen til den læringsorienterte?