Det blir visst små endringar i skolepolitikken med den ny regjeringa. Det meste vil halde fram som før. Det viktigaste er å satse endå meir på læraren. Ein kan få det inntrykket at skolen er til for lærarane. Men er det ikkje eleven som er den viktigaste parten i skolen?
I skoledebatten er det nokre spørsmål som er heilt fråverande. Kva om det er sjølve systemet det er noko gale med? Kva om rolla til superlæraren i grunnen er å motverke dei nedbrytande trekka ved systemet?
Slike spørsmål er grunnlaget for eit viktig skoleforsøk i England. Utgangspunktet er som i Norge: Stort fråfall i vidaregående skole. Stort fråver, låg motivasjon og svake faglege resultat. I tillegg ga næringslivet tilbakemeldingar som gjekk på at ungdom etter vidaregående ikkje hadde personlege eigenskapar, kunnskapar og ferdigheiter som gjorde dei skikka til arbeidslivet.
Hausten 2010 opna dei første såkalla Studio Schools i England, for aldersgruppa 14-19 år. I løpet av 2015 kjem talet opp i 50. Og planane er fleire hundre nye i løpet av dei neste åra. Ein Studio School, som er ein offentleg skole, snur opp ned på det meste vi kjenner frå den tradisjonelle skolen.

Typiske trekk ved ein Studio School er:

  • Skoledagen blir som ein vanleg arbeidsdag
  • Kvar elev har ein personleg læreplan og ein personleg coach
  • Kombinasjon av skole og lønna arbeid
  • Prosjektarbeid er sentralt
  • Autentiske prosjekt frå lokale bedrifter og institusjonar
  • Små skolar, ikkje meir enn 300 elevar

Skolen er åpen for alle type elevar, og kombinerer det yrkesfaglege med studiespesialisering. Ein av målsettingane er å bryte ned det tradisjonelle skilje mellom teoretisk og praktisk utdanning, og å integrere arbeid og læring. Skolane er små, med eit maksimum på 300 elevar per skole. Kvar elev får ein personleg coach, som hjelper eleven med å utvikle ein personleg læreplan. Grunnideen er utforskande pedagogikk gjennom prosjektbasert læring, ofte knytta opp mot behov frå det lokale næringslivet. Elevane skal oppleve skoledagen som om dei har vanleg arbeid. Ein del av timane er også arbeid på ein lokal arbeidsplass.
Elevane kan ha ulike timeplanar, og ha fridagar på ulike tidspunkt. Eit skoleår er typisk delt i tre bolkar av 17 veker kvar. Av desse 17 vekene skal ca 9 veker brukast på eit større prosjekt. Dei resterande 8 vekene kan brukast meir fleksibelt, bl.a. til tradisjonellt skolefagleg arbeid. Skoledagen skal vere som ein normal arbeidsdag, frå kl.08 til kl.16.
Skolen har ein eigen tilsettingsstruktur. Særleg bør nevnast rollene som læringscoach og rolla som personleg coach. Det er som slike at ein tradisjonell lærar finn sin plass. Dei to første åra er elevane utplassert i bedrifter ca 4 timar per veke, utan løn. Dei to siste åra har dei lønna arbeid to dagar per veke, på lokale arbeidsplassar.
Elaine Hendry & Tricia Sharpe har evaluert dei tre første åra med Studio Schools i Rapporten: Evaluation of the Studio School Trust. Dette er svært interessant lesing, som peikar framover mot ein ny type skole.
Ein av dei største endringane for ein lærar frå ein tradisjonell skole er vekta ein legg på prosjektbasert læring. Dette inneber for eleven både å kunne arbeide i team, og å ta meir ansvar i læreprosessen. Dette såg ut til å ha stor effekt på elevane si læring og motivasjon. Ein coach oppsummerte dette slik: «Det dreier seg ikkje om mi undervisning, men om at eleven lærer». Men det stiller stor krav til samarbeid mellom dei tilsette, og mot næringslivet. Ei utfordring er å bruke denne metoden over heile pensumet.
Elevane opplevde å bli visst stor tillit, behandla som vaksne. Prosjektbasert læring medverka til større sjølvtillit og kreativitet. Dei sette pris på å arbeide med verkelege prosjekt, med det trykk og tidspress som det inneber.
Dei tilsette hadde variert bakgrunn. Nokre kom frå undervisning i tradisjonelle skolar, andre frå næringslivet, og noen hadde bakgrunn frå coaching.
Rapporten er svært optimistisk når det gjeld mulighetene for Studio Schools til å skape eit nytt alternativ til den tradisjonelle skolen, eit alternativ som set eleven si læring i fokus, og som bygger ned det tradisjonelle skilje mellom teori og praksis, og mellom skole og samfunn.