Publisert i Agderposten 6. oktober 2014.

Så er lærarstreiken over. Dei fleste elevane lengta visst tilbake til skolen. Men lengta dei fordi skolen har tennt dei på matematikk, historie, norsk og engelsk? Ingen av dei elevane som har blitt intervjua har sagt noko slikt. Dei er uroa over at dei ikkje skal kome igjennom pensum, og få resultata dei treng for å koma vidare. Dei ser på skolen først og fremst som eit middel for å skaffe seg dei inngangsbillettane dei treng for vidare skolegang.

Sentralt i argumenta frå lærarsida er at styringssystemet i skolen må vise meir tillit til lærarane. Men skal ikkje slik tillit også gjelde elevane? Tradisjonsmakta er sterk i skolen seier Edvard Befring. Han hevdar at skolen framleis er for dominert av fabrikkmodellen. I skolefabrikken fungerer læraren først og fremst som kontrollør. Gjennom dagleg praksis formidlar han heile tida til eleven: «Du skal lære dei emna eg vel for deg, i mitt tempo, på min måte og etter min plan». Dette er eit uttrykk for djup mistillit til eleven si eiga læreevne.

I boka Lærerkoden skriv Marnus Marsdal: «Indre motivasjon, ikke ytre prestisje. Det er lærerkoden og nøkkelen til en god skole.» Men ikkje eit ord om at dette også skal gjelde for eleven.

Er det nødvendig med alt dette arbeidet til førebuing, etterarbeid og retting som tydelegvis er ein stor byrde for dei fleste lærarane? I snitt visstnok 43 timer i veka. Men kan det bli annleis når læraren tar ansvar og tillit frå elevane?

Etter ein del år i skolen oppdage eg at elevane tar ansvar, så lenge læringsopplegget ditt skaper ekte interesse og indre motivasjon. Då treng du ikkje vere «trollman ved kateteret», men kan innta baksetet, og bli meir ein mentor og inspirator, ein som legg til rette. Og så slepp du mye av det kjedelege rettingsarbeidet. Eg har gjort opp status over alle mine år som lektor  i vidaregåande skole og funne ut at eg i gjennomsnitt arbeidde 33-35 timar i veka med 100% stilling. Fine dagar, og attpåtil lang ferie.

Fabrikkmodellen tar utgangspunkt i mistillit til eleven si læreevne.  Dette fører med seg sviktande motivasjon og  mindre læring. Læraren prøver så  å kompensere for dette med større krav og meir arbeid. Resultatet blir auka stress både for elev og lærar.

Vi treng ein ny læringskultur i skolen.  Frå undervisning til læring. Frå tvang til lyst. Dette har forfattarane Thomas og Brown skreve svært interessant om i boka: «A New Culture of Learning: Cultivating the Imagination for a World of Constant Change». Noko av det viktigaste hevdar dei  er å gå frå ein «finn det rette svaret» kultur til ein kultur der ein stiller spørsmål. Læringspotensialet i å dyrke fram gode spørsmål er langt større enn i å jakte på dei rette svara. Men gode spørsmål krev utvikling av kreativitet og fantasi. Her vil lidenskap og leik spele ei viktig rolle. Når lærelyst blir drivkrafta så vil elevane sette høge krav til seg sjølv, og dei vil arbeide hardt. Forfattarene har eit optimistisk syn for mulighetene for ein slik ny kultur i det 21. århundret. Ikkje minst har dei tru på krafta og mulighetene som ligg i nye kollektive læringsformer som utviklar seg  den nye digitale verda.