Eg skreiv denne kommentaren som svar på Røe Isaksens kronikk i Aftenposten den 30. januar. Sjølvsagt nekta Aftenposten å ta denne inn.

Elevane lærer ikkje nok, hevdar Røe Isaksen. Det er noko gale med elevane, med lærarane og med foreldra. Svaret hans er: Styrk faga. Slik har vi tenkt i generasjonar. Men la oss for all del ikkje tenke at det kunne vere noko gale med sjølve systemet. Eg blir trist når eg tenker på dei hundrevis av prøvene eg har gitt tilbake i mine år i skolen, fulle av røde strekar og kommentarar og som alltid sendte dette signalet til eleven: Det er noko gale med deg, du manglar kunnskapar.  Time etter time opplevde eg korleis standardiserte og snevre fagrammer braut ned lærelysta. Men så kunne brått enkelte timar endre seg heilt. Elevane retta ryggen og fekk  tilbake glimtet i augene. Kva hadde då skjedd? Eg hadde bare vore ærleg og sagt: Dette kan eg ikkje, men dette var interessant!

Når barn kjem til verda vil dei aller fleste få oppleve heimen som eit veksthus for ein spirande plante. Men når du blir seks så endrar dette seg brått. Du er ikkje lenger noko som må få vekse, men noko som må fyllast, for du manglar så mye. Som elev blir du definert som eit tomt kar og sett i ein fabrikk. Du blir eit objekt som må fyllast av «våre» fag.

Elevane trivst godt på skolen viser granskingar. Men det er når dei er utanfor  klasseromma. Fagleg trivsel og interesse er alt for låg. Frå fjerde trinn avtar denne interessa jevnt og trutt. I tiande klasse eller på vidaregående er det bare rundt tredjeparten av elevane som seier dei trivst godt med skolefaga. Kva er det som gjer den gode læraren god? Etter mi meining er det først og fremst kva slags person læraren er i klasserommet. Korleis han legg til rette for det gode læringsmiljøet. Deretter kjem fagkunnskapen.

Den tradisjonelle faglæraren har i generasjonar øydelagt for god læring gjennom følgande praksis: Eg skal legge til rette for at elevane tileignar seg standardiserte fagpakkar på ein slik måte at dei kan reproduserast best mogleg, som svar på standardiserte oppgaver, ved neste prøve eller neste eksamen. Dette er ei oppskrift på døde timar, på korleis ein skal bryte ned lærelysta. Fortellinga frå Røe Isaksen til dagens elev er som følgande:  Ver flittig i å tileigne deg det skolen har å by på slik at du får dei rette karakterane og dei rette eksamenane. Bare slik vil du kunne stille lang framme i køen om jobbar som gir høg status og er godt betalte.

Men kan du som lærar setje eleven framfor faget, så vil du ha ei heilt anna tilnærming. Du ser kvar enkelt elev, at kvar enkelt elev er unik. Du ønsker å framelske og stimulere det spesielle akkurat denne eleven kan bidra med til felleskapet. Det er ikkje noko feil med eleven. Han manglar ingenting. Du ønsker å lære og utforske saman med elevane. Du veit at å stille gode spørsmål er langt viktigare enn å kunne dei rette svara. Saman skaper du og elevane levande timar.

Skolen skal vere eit vektshus, ikkje ein fabrikk. Han skal være for livet, ikkje som ei førebuing til teoretiske studiar. Då må du tenke utanom og på tvers av fag. Den gode læraren må arbeide mot systemet. Han må sløyfe prøvar, sabotere karaktergivinga, gløyme læreboka og nekte å følge fordummande reglar.

Så mitt spørsmål til kunskapsministeren blir: Kor lenge skal du halde fram med å bryte ned lærelysta hos dei unge?