I Agderposten 24. mars 2015.

Så har vi fått endå ei utgreiing om mobbing i skolen, av Djupedal-utvalet, og ein ny tiltakspakke.  Er det grunn til å tru at dei nå har funne løysinga, etter alle mislukka forsøk før. Men korleis kan ein forstå årsakene til mobbing i skolen når ein ikkje vil gå inn på ein analyse av sjølve skolesystemet?

Elevane trivst godt på skolen hevdar Djupedal. Men det er når dei er utanfor  klasseromma. Fagleg trivsel og interesse er alt for låg. Frå fjerde trinn avtar denne interessa jevnt og trutt. I tiande klasse eller på vidaregående er det bare rundt tredjeparten av elevane som seier dei trivst godt med skolefaga. Dette er ei fallitterklæring frå systemet. Djupedal, har du ikkje vore rundt og observert alle dei døde timane, dei bøygde nakkane og dei tomme blikka?

Når barn kjem til verda vil dei aller fleste få oppleve heimen som eit veksthus for ein spirande plante. Men når du blir seks så endrar dette seg brått. Du er ikkje lenger noko som må få vekse, men noko som må fyllast, for du manglar så mye. Som elev blir du definert som eit tomt kar. Du blir eit objekt som må fyllast av  fag.

Elevane lærer ikkje nok, hevdar Røe Isaksen i ein kronikk i Aftenposten. Svaret hans er: Styrk faga. Tenk om Djupedal og Røe Isaksen tok formålsparagrafane på alvor. Nemleg at kvar elev gjennom ei rik personleg utvikling skal få utvikle sitt unike bidrag til fellesskapet.  Då må skolen bli eit veksthus, og ikkje som i dag, ein fabrikk.

Eg blir trist når eg tenker på dei hundrevis av prøvene eg har gitt tilbake i mine år i skolen, fulle av røde strekar og kommentarar og som alltid sendte dette signalet til eleven: Det er noko gale med deg, du manglar kunnskapar.  Time etter time opplevde eg korleis standardiserte og snevre fagrammer braut ned lærelysta. Men så kunne brått enkelte timar endre seg heilt. Elevane retta ryggen og fekk  tilbake glimtet i augene. Kva hadde då skjedd? Eg hadde bare vore ærleg og sagt: Dette kan eg ikkje, men dette var interessant!

Den tradisjonelle faglæraren har i generasjonar øydelagt for god læring gjennom følgande praksis: Eg skal legge til rette for at elevane tileignar seg standardiserte fagpakkar på ein slik måte at dei kan reproduserast best mogleg, som svar på standardiserte oppgaver, ved neste prøve eller neste eksamen. Dette er ei oppskrift på døde timar, på korleis ein skal bryte ned lærelysta. Fortellinga frå Røe Isaksen til dagens elev er som følgande:  Ver flittig i å tileigne deg det skolen har å by på slik at du får dei rette karakterane og dei rette eksamenane. Bare slik vil du kunne stille lang framme i køen om jobbar som gir høg status og er godt betalte.

Men kan du som lærar setje eleven framfor faget, så vil du ha ei heilt anna tilnærming. Du ser kvar enkelt elev, at kvar enkelt elev er unik. Du ønsker å framelske og stimulere det spesielle akkurat denne eleven kan bidra med til felleskapet. Det er ikkje noko feil med eleven. Han manglar ingenting. Du ønsker å lære og utforske saman med elevane. Du veit at å stille gode spørsmål er langt viktigare enn å kunne dei rette svara. Saman skaper du og elevane levande timar.

Det er bare gjennom endring av skolesystemet at ein kan få slutt på mobbinga. Skolen skal legge til rette for ei rik personleg utvikling hos kvar elev. Dette er noko heilt anna enn å fylle «tomme kar» med fag.