Eg startar kvar dag med først å gjere leksene. Det er bare å strekke ut handa etter lesebrettet, så eg i gang. Planen min var å gjere minst 50 språkoppgaver kvar dag. Men eg har blitt hekta. Så ofte blir det fleire hundre. Lekser er gøy!

DL 2

 

For eit år sidan starta eg opp med å lære italiensk bare ved hjelp av eit dataprogram, Duolingo. Eg ville teste ut om dette kunne vere eit alternativ til tradisjonell språkopplæring. Konklusjonen min er klar: Med same innsats ville eg aldri kome så langt på eit vanleg språkkurs basert på instruktør og lærebok. Og langt fleire enn eg har funne ut det same. Programmet har over 100 millionar brukarar og støttar nå 23 språk. I USA er det visstnok fleire som brukar Duolinga enn det er språkelevar i skolen. Og programmet heilt gratis!

Nøkkelen til å lære språk er sjølvsagt å øve jevnt og trutt. I Duolingo avgjer du sjølv kor mange øvingsleksjonar du vi ha per dag. Eg starta opp med to der kvar leksjon består av om lag 20 oppgaver. Du må svare rett på alle oppgavene for å få godtkjent. Men svarar du feil er det bare å prøve på nytt heilt til det blir rett. I snitt har eg bare brukt 12 minutt på 2 slike leksjonar.

Systemet gir deg ulike typar oppgåver som å oversette setningar eller ord frå engelsk til italiensk, og omvendt. Eller å uttale ein italiensk setning der systemet sjekkar uttalen din. Eller skrive ned på italiensk ein setning som du får lest opp.

Etter kvart som du gjer fleire øvingar samlar du øvingspoeng og når opp på stadig høgare nivå. Det maksimale nivået systemet visstnok kan løfte deg opp til er 25. Etter eit år er eg nå på nivå 21 og har utført 1700 leksjonar. Det gir nesten 5 leksjonar per dag som altså ligg langt over målsettinga mi då eg starta. I alt har eg svara rett på 35000 oppgaver og lært meg over 3000 italienske ord. Eg har rekna ut at eg har brukt om lag 170 timar totalt på dette, eller i snitt ein halvtime per dag. Og i følge systemet skal eg nå vere «50% fluent in Italian».

Systemet er bygd opp av om lag 70 faglege modular, alt frå  emne som sport og helse til grammatikk modular som presens eller futurum. Brukarane kan legge inn kommentarar til svar og oppgaver frå systemet. Ved å lese slike har eg fått utruleg mange verdifulle kommentarar og tips. Og så kan du følge andre brukarar og prøve å halde tritt med deira klatring på språkstigen. Pensjonistkollegaen min Fred er heilt rå, og slår meg ned i støvlane. Han køyrer nå parallelt følgande språk: Portugisisk, spansk, italiensk og tysk, og ligg i snitt på nivå 22!

Forskarar ved City University i New York har testa ut Duolingo i høve til tradisjonell undervisning. Dei hevdar at 35 timars praksis med Duolingo tilsvarar 1 års begynnarkurs på College.

Røynslene mine etter eit år med Duoling er svært gode, og eg trur at vettug bruk av slike dataprogram kan revolusjonere språkopplæringa. Men eg savnar å få praktisere italiensken med levande vesen, så neste steg må vere å melde meg på kurs.