Ane Holen Lorentzen (16)

I den norske skulen puggar elevane alt for å sikre seg gode karakterar. Etter prøvene blir det meste gløymd.

Ho er 13 år og skal byrje på ungdomsskulen. Ho gler seg til dei tre neste åra. Ungdomsskuleelevane verkar så mykje større, så mykje smartare. Dei kan så mykje meir. Ho er spent.

Allereie den fyrste veka i åttandeklasse nemner den nye kontaktlæraren noko ho tidlegare berre har høyrt om: Eksamen. Langt framme i tid ligg dette ukjende fenomenet og ventar på henne. Det er viktig, det skjønar ho med ein gong.

I løpet av dei neste tre åra erfarer ho at eksamen ikkje berre er viktig, det er det viktigaste med heile ungdomsskulen. Alt ho lærer fører fram til dei to eksamenane i mai og juni i slutten av tiande klasse. Alle stilar ho skriv på norsk og engelsk, alle matteprøver ho slit seg gjennom, blir gjennomført for at ho skal få øving til den skriftlege eksamenen.

Evig pugging

Ho spør kvifor ho må lære om dei ulike retningane innan kristendommen. Kvifor ho må lære algebra. «Det står i læreplanen», seier læraren. Ingen forklarer korleis ho kan bruke andregradslikningar når ho blir vaksen. Få lærarar seier at det er viktig å lære om ulike religionar for å få ei betre forståing av korleis menneske lever i ulike deler av verda.

Det siste året på ungdomsskulen rasar forbi. Ho puggar stoff om Henrik Ibsen, funksjonar og den kalde krigen. Ho har prøver i ulike tema, får dei attende med ein karakter, så er kunnskapen gløymd. Plutseleg er eksamen der. Så er eksamen forbi. Var det alt? Ho er neste skuffa.

Annleis på vidaregåande?

Ho er 16 år og skal starte på vidaregåande. Ho gler seg igjen til dei tre neste åra. Ungdomsskulen var prega av at alle måtte gå der. Som oftast fekk alle elevane akkurat den same undervisninga. For dei som var over snittet flinke på skulen vart timane ofte keisame, og dei som låg under snittet sleit ofte med å henge med. Vidaregåande er annleis, har ho høyrt. Det er eit jamnare nivå i klassen. Sjølv om studiespesialisering på mange måtar liknar ungdomsskulen må det vel vere litt betre? Ho er spent.

Vidaregåande blir ikkje som ho hadde trudd. Det blir framleis ikkje forklart kvifor ho må pugge alt ho blir testa i. «Dette treng de ikkje lære dykk», seier lærarane. «Det vil de aldri bli spurt om på ein eventuell munnleg eksamen, så de vil heller ikkje få spørsmål om det på prøva». All den ekstra kunnskapen ho kanskje kunne ha brukt til å få ei betre forståing av stoffet blir forkasta fordi det ikkje står at ho er nøydd til å kunne det i læreplanen. Ho fortset å pugge til prøve etter prøve.

Eksamen blir gløymd

I den norske skulen blir alt pugga for å sikre seg gode karakterar på prøvar. Etter prøvene blir det meste gløymd. Ungdom i Noreg skjønar ikkje korleis dei skal bruke kunnskapen dei får i løpet av skuleåra i livet etterpå. Det ho hugsar best frå ungdomsskulen, det ho framleis kan , er tema ho skreiv lange innleveringar om. Kva hugsar ho av eksamen? Ikkje noko relatert til sjølve oppgåva.

Forslaget til Sosialistisk Ungdom om ei mappevurdering gjennom heile året i staden for fem timar med eksamen på slutten, verkar veldig fornuftig. Ved å jobbe med delvis sjølvvalde innleveringar og kanskje mindre prøver jamt gjennom heile året, vil ein truleg sitje att med mykje meir kunnskap etter at skuleåret er gått. Det ein har jobba med vil truleg òg kjennast meir relevant.