Det er i år 50 år sidan eg gjekk ut av Rogaland offentlege landsgymnas på Bryne. Landsgymnaset var vel det nærmaste vi har kome ein eliteskule i Norge. Dei flinkaste ungdomane frå landsbygda i Rogaland og nabofylka søkte seg til Bryne.  Alle måtte gjennom grundige opptaksprøver for å sleppe inn. Korleis opplevde vi som gjekk der denne skuletida? Kva var våre personlege mål for å ta denne utdanninga og kva var målet sett frå systemet si side?

Eg trur at for dei fleste av elevane så var målet ein kombinasjon av interesse for fag og det å skaffe seg inngangsbillett til eit framtidig yrke, der det siste var det viktigaste. Ser eg på min eigen klasse så trur eg dei fleste ser tilbake på landsgymnaset utan den store kritikken, nettopp fordi skulen ga dei inngangsbillettane dei trong. Når du kjem inn på ein utvalsskule, får gode karakterar, og så endar opp i trygge yrke med høg status og løn, då er det vel ikkje grunn til å klage, og slett ikkje stille kritiske spørsmål om kva ein lærde og korleis ein lærde eller om personleg utvikling.

Sjølv havna eg seinare som lektor i vidaregåenda skular over ein periode på 40 år, men der eg halvparten av denne tida arbeidde utanfor skulen.  Såleis kunne eg sjå læraryrket og elevrolla utanfrå. I 1986, etter 12 år som lektor i fire ulike vidaregåande skular hadde eg mista trua på systemet og slutta i skulen og gjekk etter kvart over i det private næringslivet. Her arbeidde eg frå 1990 i 13 år i eit stort multinasjonalt selskap, til eg i 2003 blei «tatt» av dotcom bobla og måtte prøve med som grunder . Oppstartfirmaet la vi ned i 2007. Då høvde det godt at eg kunne få arbeide som lektor igjen dei siste 5 åra av yrkeskarrieren.

Kva minnest vi frå skuletida vår?  Kva har sett spor? På folkeskulen og framhaldskulen hadde eg ein drivande lærar av «den gamle skulen». Til kvar engelsk time skulle vi t.d. skrive av engelsk leksa tre gonger til innlevering. Og sjølv om han var god til å fortelje om norske kongerekker, sit det likevel lite gode faglege minne igjen. Men ein ting frå timane hans minnest eg med glede. Det var då han i norsktimane droppa pensum og begynte å lese frå Viktor Hugos roman «De elendige». Stor litteratur blei viktig her og nå, ikkje som ein del av pensum ein måtte igjennom og svare for ved ein framtidig eksamen. Når vi lytta til historia om Jean Valjean var ikkje lenger klasserommet eit fabrikklokale, men blei noko levande om livet i Frankrike på 1800-talet.

Då eg starta på gymnaset hadde eg tenkt meg eit yrke innanfor teknikk og naturvitenskap. Og eg enda opp med hovudfag i fysikk. Rart å tenke på at eg valde dette til trass for fysikkundervisninga eg opplevde. På skulen hadde vi dei dødskjedelege Brun og Devik bøkene. Ikkje eit minutt av fysikkundervisninga var innspirerande. Men på fritida leste eg spennande bøker om fysikk, som: « Det fantastiske nøytronet» eller « Relativitet for millioner». Ein gong spurde vi fysikklæraren. Kunne vi ikkje lære litt om Relativitetsteori? Då smilte han bare overberande, men det er jo ikkje pensum.

Andre fag var stort sett like lite inspirerande. Det blir likevel feil å kritisere lærarane. Dei var bare ein del av systemet. Eit pedagogisk system som eg vil karakterisere slik: Verda blir delt opp i fag som har lite med kvarandre å gjere. Læring skal skje i klasserommet der kvar enkelt elev kjenner seg som ein einsam mottakar av kunnskap, utan noko verkeleg læringsfellesskap.  Læraren står det meste av tida ved tavla og prøver å overføre sin kunnskap til elevane. Som elev kan du også lese deg til denne kunnskapen i  lærebøker. Ei lærebok er slik laga at ein elev aldri ville finne på å lese ho ut frå eiga interesse. På prøvar og eksamenar blir du målt på kva du hugsar. I eit slikt system er det bare eit fåtal av elevane som opplever å bli ekte motivert og dermed vil tileigne seg varig kunnskap. For dei fleste  galdt om å kunne det du trong fram til neste prøve eller eksamen.  Når eg i dag tenker tilbake på dei 12 åra i skulen tenker eg først og fremst på alle dei døde timane, så mye bortkasta liv.

Det vart lite fagleg fellesskap med dei andre elevane. Systemet la ikkje opp til det. Men vi hadde likevel eit flott sosialt fellesskap, først og fremst i friminutta, men som av og til kunne smitta over på det faglege i timane. Eg vil hevde at dei fleste gode minna frå skuletida har med den sosiale fellesskapen mellom elevane å gjere.

Eg kom tilbake som lektor i vidaregåande i 2008. Då traff eg igjen kollegaer frå 1986 som ivrige fortalde meg om alt som hadde endra seg på 20 år. Men eg kunne sjå at dette ikkje var sant. Her var nemleg det meste som før, og akkurat som det var i 1966. Ein hovudkonklusjon om utviklinga i vidaregåande opplæring dei siste 50 år vil eg trekke: Det har skjedd svært lite når det gjeld det indre faglege livet i skulen. Men samfunnet elles har endra seg. I dag gir ikkje vidaregåande opplæring lenger inngangsbillettar til «det gode liv» for det store fleirtalet av elevar. Og då er det naturleg at elevar og foreldre begynner å stille fleire kritiske spøsmål til skulen. Noko ein ser av avisdebatten. Medan politikarar som Røe Isaksen, Giske eller Djupedal nærmast ser på det eksisterande systemet som noko naturgitt. I SI:D i Aftenposten slepp heldigvis elevane til. Og det manglar ikkje på systemkritikk.

Håkon Avseth (18) skriv: Systemet dreper meg. Hadde det ikke fullstendig ødelagt fremtiden min, hadde jeg droppet ut av videregående fort som fy. Skolen har hemmet meg mer enn den har gitt meg skriv Erlend Hofstad Langseth(19). Middelalderskolen knuser drømmer skriv Nicholas Wilkinson (27). Jeg elsker å lære med misliker skolen skriv Jørgen Abel Bjørvik Paulsen (15)

Då barna mine begynte på skulen mot slutten av 70-talet vart dei møtt av rektor med desse orda: På skulen skal de lære å sitje stille og å lytte til læraren. Men kvifor endrar dette systemet seg så langsomt? Etter mi meining er det tre viktige spørsmål som skulen skal møte dei unge med men som aldri blir stilde: Kva er du interessert i? Kva er du god i? Kva vil du dele med andre? Om vi starta opp kvart skuleår med desse spørsmåla kunne vi kanskje få i gang ein prosess mot ein annan læringskultur, der skulen blei eit veksthus og ikkje lenger ein fabrikk.