I vinter hadde eg barnebarn på skole i California, og skolen var rangert blant dei 1% beste i staten. Eg fekk vere til stades i ein time i Science. Skolen var godt utstyrt, både ute og inne. Det var bare 12 elevar i gruppa, så eg gjekk til timen med store forventningar. Men kva opplevde eg? Jau at prioritet nr. 1 for læraren var å ha kontroll. Ho samla gruppa på golvet framfor seg, og demonstrerte ei mengd pedagogiske triks på korleis ein kunne halde gruppa i ro, utan å ty til autoritære metodar. Ho viste kva ho sjølv kunne ved å prate 70% av timen. Når det så blei tid til praktisk øving, delte ho ut delvis utfyllte arbeidsark, som elevane skulle fylle ut. Bare i ein 5-minutts periode i timen såg eg ekte interesse blant elevane. Det var då ho viste ein animasjonsfilm som illustrerte hovedtemaet. Eg observerte barnebarnet mitt på 8 år gjennom heile timen, og såg tydeleg at dette ikkje var noko som var stimulerande. Eg vil kalle ein slik læringskultur for negativ, ja kanskje ordet nedbrytande er det rette. Desverre trur eg at ein finn ein liknande situasjon i dei fleste norske klasserom.
Det mest alvorlege med denne typen læringskultur er den skjulte bodskapen den formidlar til eleven: Dine eigne tankar om kva som er best for deg, kva du sjølv har lyst til å lære, og korleis du sjølv vil lære, har ingen verdi. Fordi skolen og systemet har tenkt for deg. Du er ikkje lenger eit subjekt, eit menneske, men blir redusert til eit objekt for fag, ein elev. Evalueringssystem som karakterar og testar blir brukt for å fastsette «marknadsverdien» til kvar elev. Ja kanskje endå verre. Som ein pensjonert lærar i Arendalskolen sa: Eleven oppfattar karakterande som sitt menneskeverd. Som elev skal du lære deg rolla som ein passiv forbrukar av fag. Du må heile tida konkurrere mot dine medelevar om å oppnå beste karakter(=verdi). Og kanskje det aller viktigaste: Du skal lære at dette systemet er rettferdig.