Manglande bevis for kven som stod bak

Det har nå gått ­­16 år sidan det forferdelege hende i New York, den 11. september 2001. Terroråtaket på World Trade Center(WTC) og på Pentagon, som ga Bush påskot til å starte krigen mot terror. Men har USA lagt fram bevis for teorien sin, at det var Al-Qaida og Osama bin Laden som stod bak? Korleis kunne ein så komplisert operasjon så raskt bli oppklart.

Før Bush gjekk til sengs den 11. september i Det kvite huset noterte han: «The Pearl Harbor of the 21th century took place today. We think it’s Osama bin Laden». FBI kunne allereide tre dagar etter offentleggjere lista på dei 19 kaprarane. Den 20. september hadde Bush den offisielle forklaringa klar, i ein tale til kongressen, og kunne legge planar for ein krig mot terror utan ende. Ein månad seinare starta bombinga av Afghanistan, og innan eit år, i god tid før åtaket på Irak, blei forklaringa brukt for å referdigjere Bush si nye krigsdoktrine om å slå til først(preemptive war).

USA kravde straks utlevering av bin Laden frå Afghanistan. Men Taliban nekta, dei ville sjå bevisa for dette. Collin Powell lova nokre dagar etter åtaket at dei ville legge fram bevis, «a white paper». Men allereide ein dag etter vart dette endra til: Slik informasjon er hemmelegstempla, og kan bare visast til regjeringar. Og Bush uttalte: «Å offentleggjere eit slikt dokument ville gjere det vanskelegare å vinne krigen.» Fekk den norske regjeringa noko slikt dokument? Etter eit par års etterforsking måtte FBI innrømme at dei mangla bevis, og kunne ikkje reise tiltale mot bin Laden.

Den tidlegare tyske kanslaren Helmut Schmidt uttalte til tyske N-TV 10. desember 2001 at aktivering av Natos artikkel 5 var ulovleg, sidan det ikkje var kome fram bevis for at åtaka 9/11 kom utanfrå. Til New York Times 10. desember uttalte innanriksministeren i Saudi-Arabia, prins Nayef: «Vi har ikkje mottat noko informasjon eller bevis frå USA om at dei mistenkte kaprarane hadde noko å gjere med 9/11.»

Ein skulle vente at terroråtaket fekk stor plass i Stoltenberg si nyutgjevne biografi. Men bare nokre få linjer brukar han på dette(s 409): «Terrornettverket al-Qaida hadde organisert de omfattende og effektive angrepene i USA. Det var åpenbart at Norge skulle delta i det angrepet som måtte komme. Vi måtte stå sammen med våre nærmeste allierte etter et slikt uhyggelig angrep.» Norge og Stoltenberg spurde heller ikkje etter bevis.

Omlag 3000 amerikanarar blei drept denne dagen i det svært omfattande og kompliserte åtaket. Forklaringa om kven som stod bak 9/11 åtaka skulle ei heil verd godta. Femten år etter har ingen blitt tiltalt og ingen blitt dømt. Ikkje noko bevis er lagt fram.

Tabu mot å ta opp 9/11 i media

Veksande grupper av vitskapsfolk, pårørande, arkitektar, ingeniørar, pilotar og juristar har granska både sjølve hendingane og dei offisielle forklaringane. Eit femtials bøker er skrevne og mange forskningsrapportar er lagt fram. Resultatet av denne granskinga peikar mot at 9/11 truleg var ein «inside job». Mens fleire tusen personar har skreve under på kravet om ny og uavhengig granskning, har bare eit lite titall personar frå dei same fagmiljø gått god for den offisielle versjonen. Og då ofte etter press og trugsmål frå Washington.

Korleis kunne eit samla norskt politisk miljø blindt gå med på å sende norske soldater ut i ein krig mot terror, som kanskje var bygd på ei stor løgn? Kvifor forlanga ein ikkje bevis? For mange er kanksje påstanden om at Washington sjølv stod bak åtaka så uhyrleg, at ein i utgangspunktet vil nekte å tru på det, og heller avfeie slikt som konspirasjonsteoriar. Så vond kan sjølv ikkje ein Bush vere. Men kanskje er det slik at når bare ei løgn er stor nok, så vil ho ikkje bli avslørt.

Heile verda kunne følge dei dramatiske hendingane, «eit nytt Pearl Harbor», direkte på TV, og lytte til Bush sine velregisserte tolkningar. Årsakene var: «They can’t stand our freedom, they hate what America stands for». Med «det nye Pearl Harbor» fekk Bush verda med på krigen mot terror. «It is time for us to win the first war of the 21st century».

Media har svikta totalt når det gjeld å opplyse om forskinga rundt 9/11. Spør ein nordmann i dag om kor mange tårn som fall saman i New York, så vil han svare to. Men sanninga er at det var tre. Når vitskapsfolk legg fram forskning om klimakrisa, får dei stort sett god merksemd i media. Men når andre vitskapfolk vil legge fram forskning om 9/11, så får dei nei fordi slik forskning allereide i utgangspunktet blir stempla som konspirasjonsteoriar. På denne måten opererte t.d Lars Gule. Då Berit Ås heldt eit foredrag i Horten i 2008, der ho stilte seg tvilande til den offisielle forklaringa på 9/11 kommenterte han dette ved å seie: « Det virker som om USA-kritikken har gått til hodet på henne. Hvis Gjengangeren(avisa) siterer henne riktig, er dette så fjollete at man ikke kan ta det på alvor.» Det er vel tvilsomt om Lars Gule hadde tatt seg det bryet å lese kommisjonsrapporten.

Forskinga rundt 9/11 følger to hovudspor. Det eine er kritikken av korleis granskingskommisjonen blei nedsatt, samansetjinga, kven som leia kommisjonen og kor fritt og sjølvstendig han kunne arbeide. Det andre kritikkområde dreier seg om innhaldet i kommisjonens hovudrapport(2004), og dei tre delrapportane frå FEMA(Federal Emergency Management Agency, 2002) og NIST(National Institute of Standards and Technology, 2005 og 2008).

Kommisjonen styrt frå Det kvite huset

Ved tidlegare alvorleg hendingar, som mordet på Kennedy, eller eksplosjonen på romferga, så gjekk det ikkje mange dagar før ein granskingskommisjon vart sett ned. Burde ikkje då norske politikarar stille seg spørsmålet kvifor Det kvite huset så sterkt motarbeidde ei uavhengig granskning? Og endå større burde skepsisen til Bush bli etter løgnene hans om masseøydeleggingsvåpen i Irak.

Etter stort press måtte Bush etter 16 månader gå med på ei uavhengig gransking. Styrekomiteen for «Familiar etter 9/11» var dei som stod på mest for å få kommisjonen i gang, men blei ikkje representert. Det Kvite huset fekk plukka 5 av dei 10 kommisjonsmedlemmene, inkludert formannskap og dagleg leiar. Og Det kvite huset sette kriteriene for kven som skulle vere med, «prominent citizen», som viste seg å vere «Washington insiders».

Kommisjonen delte seg i ni granskingsgrupper. Den første gruppa heitte: «Al Qaeda and the Organization of the 9/11 Attack». Ein hadde altså konklusjonen klar.

Kongressen brukte 49 mill $ på granskinga av Mona Lewinsky affæra, 50 mill $ på Challenger ulykka, mens Busk sette av bare 3 mill $ på 9/11. Tidsfristen vart sett til bare eit år. Og som dagleg leiar foreslo Bush Kissinger, som lenge hadde hatt tette band til Bush og Cheney.

Det vart sjølvsagt ein massiv kritikk av dette forslaget. Kissinger har jo ei lang merittliste når det gjeld å dekke til ugjerningar gjort av USA. Fire enker som mista ektemennene sine i 9/11 hadde danna gruppa «Jersey Girls». Dei forlanga å få stille kritiske spørsmål til Kissinger. Då han blei spurt om bin Laden familien i Saudi-Arabia stod på kundelista til konsulentselskapethans, valde han å trekke seg. Så vart Philip Zelikow, ein historieprofessor frå Virginia, utpeika som dagleg leiar. Han hadde også tette band til Bush. Då Bush blei vald første gong i 2000 var Zelikow med på overgangslaget, og seinare kom han med på Bush sitt «Intelligence Advisory Board». Zelikow hadde vore sentral ved utforminga av Bushdoktrina for «preemtive war».

Som akademikar var Zelikow særleg opptatt av mytane si rolle i eit samfunn, og korleis katastrofale hendingar kunne vere med å danna mytar som tildekker fakta. Saman med to andre skreiv han i 1998 ein artikkel med tittelen «Catastrophic Terrorism», som diskuterer kva som kunne ha skjedd i USA om det første åtaket på WTC hadde lukkast i 1993. Det er som om han skulle ha sett inn i framtida. Hadde dette føste åtaket lukkast skriv dei, så hadde det skapt ein «Pearl Harbor» effekt, heilt lik den effekten som 9/11 åtaket fekk i 2001.

Set up to fail

Kommisjonen bestod av 10 medlemmer, og hadde under seg ei arbeidgrupp på 75 til å utføre det daglege granskingsarbeidet under leiing av dagleg leiar. Av desse 75 hadde 32 tidlegare arbeidd for FBI, CIA eller NSA, eller for etteretningskomiteen i kongressen. Dagleg leiar Zelikow styrde arbeidet til kommisjonen. Han avgjorde kva som skulle granskast, kven som skulle intervjuast, kva for dokument kommisjonen fekk tilgang til og kva som skulle vere med i rapporten. Faktisk så skreiv han mye av rapporten sjølv.

Heilt frå starten av handla arbeidet i kommisjonen om å forsterke den offisielle forklaringa og å tildekke. Kommisjonsmedlemmer var fullt klar over at Det kvite huset, FBI, Pentagon og CIA ikkje fortalde sanninga om det som hende. I 2006 utgav dei to som delte formannskapet, Thomas Kean og Lee Hamilton, boka «The inside Story of the 9/11 Commission». Her innrømma dei at CIA medvite hindra dei i å få tilgang til nødvendige dokument, og at kommisjonen var «set up to fail».

John Farmer var konsulent for kommisjonen. I boka si «The Ground Truth: The Untold Story of America Under Attack on 9/11» om dette arbeidet seier han: «Den offisielle versjonen er nesten fullstendig usann. På eit eller anna nivå hos styresmakta blei det bestemt å ikkje å fortelje sanninga om det som hende.» Vietnamveteranen og tidlegare senator Max Cleland trekte seg frå kommisjonen i avsky, og kalla granskinga ei nasjonal skandale.

David Ray Griffin har gitt ut ei meng bøker om 9/11. I boka «9/11 Ten Years Later: When State Crimes Against Democracy Succeed», som kom ut til tiårs markeringa for 9/11 i 2011, gir han ei grundig vurdering av rapporten. Konklusjonen hans er at kommisjonen lang frå var uavhengig, men styrt av Det kvite huset. Og at det var klart frå første stund at kommisjonen ikkje skulle oppklare, men dekke til det som verkeleg hende.

Newtons lover svikta under 9/11

Eit par døme frå kommisjonen: Dei diskuterer kvifor ikkje kaprarane på veg mot WTC tårna heller valde å fly i eit atomkraftverk, som låg på same ruta. Spreiing av atomavfall ville jo gjere langt større skade på heile austkysten av USA, enn det å øydelegge ein skyskrapar. Her argumenterer kommisjonen med at atomkraftverk har rakettforsvar som automatisk blir brukt mot slike åtak. Ikkje eit ord blir nemt av kommisjonen kvifor Pentagons rakettar ikkje blei brukt mot det innkommande passasjerflyet. Har ikkje Pentagon verdas beste rakettforsvar?

Når det gjeld WTC 7, bygning nr. 7 på World Trade Center, så rasa den ned 7 timar etter tårn 1 og 2, utan å ha blitt råka av noko fly. Det hadde brunne eit par timar i to etasjar, men brannen hadde så godt som slokna då bygningen rasa. Før dette hadde m.a. brannmenn fått ordre om å kome seg ut fordi at tårnet «skulle rase». Eigaren av tårnet, milliardæren Silverstein, uttalte på TV: «We had to pull it». Men korleis forklarer kommisjonen det som skjedde med bygning 7? Ganske enkelt ved å utelate dette i rapporten. Ikkje eit ord blir sagt om WTC 7.

Men det vart sjølvsagt stort oppsyr av at kommisjonen ikkje ville diskutere bygning 7. Derfor kom NIST med ein delrapport om dette, tre år seinare, i 2008. På videoar kan vi sjå at bygning 7. rasa saman, under fritt fall i fleire sekund. Men NIST sin «pannekaketeori» som forklaring på dette strir fundamentalt mot Newtons lover. Når toppen av ein bygning rasar saman på denne måten, kan det bare skje dersom all motstand frå tusenvis av tonn med stål og betong frå dei undeliggande etasjane brått blir fjerna. Einaste logiske forlaring på dette er at denne mostanden blei fjerna ved hjelp av sprengstoff. Altså at vi er vitne til ei kontrollert nedriving.

Ny gransking av 9/11

Allereide få dagar etter 9/11 starta dei ansvarlege for 9/11 med å fjerna bevis. Restane etter bygningane blei systematisk fjerna. I vekevis køyrde dumperane dag og natt. Det som var igjen av stålsøylene vart skipa til Kina for omsmelting. Er det ikkje ulovleg å fjerne bevis frå ein brotsplass? Kva var dei ansvarlege redde for at stålrestane kunne avsløre?

Når bygningane rasa vart tusenvis av tonn med stål og betong forvandla til det finaste støv. I dette støvet kunne det ligge bevis. Og fleire uavhengige støvprøver blei samla og sende til ulike vitskapsmenn. Ein av dei som fekk ein slik støvprøve til analyse var kjemikaren Niels Harrit i København. Saman med 8 andre laga han ein vitskapeleg rapport av analysane. Dei fann spor av nanotermitt, eit høgeksplosivt militært sprengstoff, i støvprøvene.

Ei anna hending under 9/11 er også eit stort mysterium. Etter at bygningane rasa heldt brannane fram i ruinane, i tre månader. Det var brannar som det var umogleg å slokke, sjølv om brannmennen pøsa på med tonnevis med vatn. Når kontormøblar og utstyr brenn, så kan ein sjølvsagt slokke med vatn. Men nanotermitt derimot har den eigenskapen at det ikkje treng oksygen for å brenne, og ein slik brann er nesten umogleg å slokke.

Skal vi bare akseptere at krigen mot terror skal få halde fram utan at vi får vite sanninga om 9/11? Kan demokratiet vårt overleve utan at ein å få vite sanninga om den kanskje mest dramatiske hendinga etter den 2. verdskrigen? Norske politikarar og media bør støtte kravet frå dei mange gruppene i USA som krev ny gransking av 9/11.