Det er nå eit år sidan Buzzfeed offentleggjorde eit dossier skreve av ein tidlegare britisk MI6 agent, Christopher Steele, som skulle bevise at Trump samarbeidde med Putin for å påverke den amerikanske presidentvalkampen i 2016. Ingen andre mediakanalar i USA offentleggjorde denne rapporten fordi dei ikkje kunne verifisere innhaldet.

Basert på m.a Steele sin rapport laga etteretningsorganisasjonar i USA ein offisiell rapport om mogleg russsisk innblanding i valkampen. Med grunnlag i denne rapporten utviste Obama for eit år sidan ei rekke russiske diplomatar, og kongressen fekk gjennomført nye sanksjonar mot Russland. Det som har blitt kalla Russiagate har slik ført til ein ny kald krig.

Nå har journalisten Luke Harding frå The Guardian kome med boka Sammensvergelse, der Steele sin rapport blir gjor til ei hovudsak. Aftenposten slår dette opp med krigstypar på førstesida 16. november.

Arbeidet til Harding er lite truverdig. Utanom Steele så har ikkje boka ei einaste kjelde. MI6 som var Steele sin arbeidsgjevar fram til 2009 vil ikkje gå god for innhaldet. Kvifor nemner ikkje Harding pengar? Det var Hillary Clinton og Det demokratiske partiet(DNC) som betalte firmaet Fusion GPS 12 mill $ for oppdraget med å finne fram kompromitterande opplysningar om Trump, såkalla «opposition research». Fusion gjekk til Steele sitt private etterforskningsbyrå Orbis. Kor mye måtte Steele betale kontaktane sine i Ukraina og Russland for å få tak i «informasjon»? Steele laga rapporten i 2016, men han var bare tre år i Russland, frå 1990 til 1993. Han kan ikkje russisk.

Harding har tidlegare skreve bøker om både Julian Assange og Edward Snowden, men utan å snakke med hovudpersonane. Sammensvergelsen liknar meir på ein roman enn kritisk journalistikk. Måten han ordlegg seg på vitnar om eit svært forenkla bilde av verda og tryggingssituasjonen. Hans analyse av situasjonen i Ukraina avgrensar seg til ein setning: Då Russland invaderte Ukraina. Og han har full tillit til at CIA, FBI og MI6 fortel sanninga, men sjølvsagt null tillit til KGB og FSB. Men vi veit at lista over syndene til CIA er lang. I boka «The CIA’s Greatest Hits» reknar Mark Zepezauer opp femti slike. Og vi har alle rapportane om tortur og løgnene rundt Irak krigen friskt i minne.

DNC serveren vart hacka sommaren 2016, slik at graverande e-postar vart kjende. Dei viste at Hillary og partiet hadde opplegg for å hindre at Bernie Sanders skulle kunne vinne. I følge Steele og Harding var det sjølvsagt Russland som også stod bak hackinga. Men det finns sålangt ikkje bevis for dette.

Varslarane Binney og McGovern arbeider for gruppa Veteran Intelligence Professionals for Sanity(VIPS). William Binney jobba over 30 år i NSA, m.a. som teknisk direktør. Ray McGovern er pensjonert CIA analytikar. Med deira kompetanse og kunnskap om CIA og NSA, og særleg det at dei nå er ute av systema, er det er grunn til å legge vekt på analysane deira av den påståtte hackinga av DNC serveren.

Det blei først hevda at 17 etteretningsbyrå stod bak den offisielle rapporten om Russiagate. Men eit halv år seinare måtte New York Times inrømme at det var ikkje 17 men 4. Men i grunnen ikkje 4 heller fordi det var nokre handplukka analytikarar bare i tre av dei; CIA, FBI og NSA. Og NSA har bare middels tiltru til konklusjonen. Til slutt i rapporten vedgår desse analytikarane at konklusjonen er basert på vurderingar, og at dei ikkje har bevis.

I VIPS sin analyse av den offisielle rapporten blir det også hevda at det var teknisk umogleg for Russland å ha hacka serverane. Det finns nemleg tidsstempel på data som blei lasta ned frå serverane, og kapasiteten på datalinjene ut av USA gjer det heilt umogleg at desse datane kunne overførast til Europa på så kort tid. Det må derfor ha vore ei lokal nedlasting, altså at der var ein lekkasje og ikkje hacking. Og om russerane hadde stått bak så ville NSA også hatt data og bevis for dette. NSA overvaker nemleg all datatrafikk til og frå USA.

Det er også urovekkande at DNC har nekta å utlevere serverane til FBI som jo granskar hackinga, og at FBI har akseptert at eit privat firma som DNC hadde samarbeidd med, CrowdStrike, gjorde denne analysen.

Oppslaget i Aftenposten er ei oppskrift på «Fake News». Du har ein agenda, i dette tilfelle å demonisere Putin og Russland. Så slår du stort opp tvilsomme og udokumenterte påstandar, uten motførestillingar. Ikkje eit kritisk spørsmål til Harding frå journalisten. For å skape eit skin av balanse sleppte Aftenposten til Julie Wilhelmsen med ein kort kommentar. Men det var før ho hadde lese boka. Og prøver du å få inn kritikk av artikkelen, så får du sjølvsagt avslag. Og så bli dei falske nyhetene og demoniseringa av Russland spreidd kritikklaust vidare i andre media, som på Skavland og Urix.