935 Lies: The Future of Truth and the Decline of America’s Moral Integrity er ei viktig bok av Charles Lewis frå 2014.
I 1989 forlet Charles Lewis ABC sitt program «60 minutes» i protest og starta The Center for Public Integrity. Mot slutten av 2004 blei Lewis uroa over meiningsmålingar i USA som viste at over halvparten av amerikanarane trudde at det hadde vore massesøydeleggingsvåpen(WMD) i Irak, trass i at fakta hadde vist at dette var usant. Han begynte derfor saman med ei gruppe av forskarar og reportarar å granske utsegner som Bush-administrasjonen kom med før og under Irak-krigen. Tre år seinare publiserte Center for Public Integrity, som blei danna av Charles Lewis i 1989, ein større rapport om falske utsegner til Bush & Co: Iraq: The War Card. På nettsida https://www.publicintegrity.org/2008/01/23/5641/false-pretenses kan ein søke gjennom databasen av løgner. Dei plukka ut 8 sentrale personer i Bush administrasjonen og fann ut at dei tilsaman kom med 935 falske utsegner om Irak og krigen. Dei klassifiserte utsegnen i to grupper: WMD og al Qaeda.
Frå krigskartet over ser vi to «løgntoppar». Ein frå august til okotber 2002 då kongressen skulle godkjenne eit vedtak om å gå til krig. Og ein topp frå januar til mars 2003, frå Colin Powell sin dramatiske tale i FN til invasjonen av Irak i mars.
President Bush t.d. kom med 232 falske utsegner om masseøydeleggingsvåpen i Irak, og 28 falske utsegner om at Irak hadde koblingar mot al Qaeda; i alt 260 falske utsegner.
Andre løgner frå styresmaktene i USA
Charles Lewis set løgnene om krigen i Irak i eit større perspektiv. Han viser korleis statsmakta i USA gong etter gong har kome med falske utsegner. Han har mange døme på dette. Her skal nemnast to av dei største: Ein «Falskt flagg» operasjon i Tonkinbukta i Vietnam i 1964 og Iran-Contra skandalen på 1980-talet.
For å kunne starte Vietnamkrigen iscenesette Lyndon Johnson eit fingert åtak i Gulfen i Tonkin i august 1964. Dette blei først avslørt i 1971 etter granskingar av m.a senator Fulbright. Pentagon papira avslørte detaljar om det falske åtaket. Ein NSA rapport blei i 2007 frigjort som viste at Johnson laug. Det var aldri noko åtak frå Nord Vietnam. Det har vore hevda frå fleire hald at hadde denne løgna blitt avslørt då det skjedde, så ville ikkje Johnson fått amerikanarane med på krigen i Vietnam.
CIA hadde i mange år støtta høgreorienterte rørsler i Sør-Amerika då Carter i 1978 stoppa all støtte frå USA til slike grupper som braut menneskerettane, bl.a. Contras i Nikaragua. Då Reagan kom til makta i 1981 gjorde han om på dette og gjekk bak ryggen på den demokratiske kongressen og fornya støtta til Contras. Det var på den tida eit internasjonalt forbod mot våpensal til Iran, som då var i krig med Irak. Også dette forbodet trossa Reagan og fekk i stand våpensal, ved hjelp av Israel, til erkefienden Iran for å få frigitt 7 amerikanske gissel som Hisbollah hadde tatt i Libanon. Av dei 30 mill $ som Iran betalte USA for våpna gjekk 18 millionar til CIA som så blei brukt til støtte av Contras i Nikaragua. Desse brota på vedtatt amerikansk politikk blei avslørt i 1986. Først nekta Reagan all kjennskap til dette, men måtte så inrømme at han hadde godkjent lovbrota. Denne Iran-Contra skandalen har blitt rekna som ein av dei aller største i USA si historie.
Men Bush lyg ikkje om 9/11
Lewis tar ikkje opp den mest dramatiske hendinga i dette århundre, Krigen mot terror og 9/11. Bush administrasjonen blokkerte ei uavhengig gransking av terrorhendingane i New York den 11. september 2001. Og i åra etter har vi sett at nesten alle media har nekta si viktige samfunnsrolle, å drive gravejournalistikk. Dette gjeld også Braanen og Klassekampen. Då Ny Tid begynte å skrive om 9/11 i haust, så stoppa Klassekampen og distribuere Ny Tid som bilag. I avisa 15. september 2017 skriv Braanen at det er påstandar om at 9/11 kunne vere ein «inside job» som får han til å vurdere avtalen med Ny Tid. Men etter dei 935 løgnene om krigen i Irak er det ikkje då grunn til at ei avis som Klassekampen skulle gjere ei uavhengig vurdering av Bush sine påstandar om 9/11?