Britane ansvarlege for 10 millionar døde

Mark Curtis er ein tidlegare forskar ved «The Royal Institute of International Affairs». Han har skreve fleire bøker om britisk og amerikansk utanrikspolitikk ( www.markcurtis.info).  I boka Unpeople tar han særleg opp dei mange brota på menneskerettane som Storbritannia er ansvarleg for.

Han hevdar at denne situasjonen har blitt forverra etter invasjonen i Irak i 2003.

For det første har britane auka si støtte til statleg terrorisme i fleire land. For det andre har nye planar blitt utvikla for at Storbritannia skal kunne intervenere militært kor som helst. Dei britiske styremaktene har også auka den statlege propagandaen overfor det britiske folket. Og britiske militære planleggjarar har faktisk nå uttalt at dei under «Krigen mot terror» ikkje lenger kjenner seg bundne av internasjonale lover.

Han har rekna ut at Storbritannia har ansvar for oppimot 10 millionar døde etter andre verdskrigen. I tabellen under er det lista opp dei 4-6 millionar døde som Storbritannia har eit direkte ansvar for.  I boka si dokumenterer han dette ved å vise til offentlege frigjorte dokument. Han har analysert desse dokumenta, og kome fram til at britisk utanrikspolitikk i dag i hovudsak er styrd av tre prinsipp:

  1. Det er heilt normalt at britiske ministrar systematisk lyg til det britiske folket.
    Jamfør dette med det vi har sett etter at Unpeople blei skreven: Chilcot-rapporten dokumenterte alle løgnene til Blair rundt Irak-invasjonen. Og er det grunn til å tru at May snakkar sant om den aktuelle Skripal-saka?
  2. Styresmaktene er uvanleg «opne» om intensjonane sine, slik at frigjorde klassifiserte dokument er ei svært god kjelde til å forstå britisk utanrikspollitikk.
  3. For det tredje så viser desse dokumenta at omsynet til menneskerettane ikkje tel. Curtis har granska tusenvis av frigjorde offentlege dokument som bakgrunn for bøkene sine. Han har knapt funne ei einaste referanse til menneskerettar som grunnlag for britisk utanrikspolitikk.
Talet på døde der Storbritannia har eit hovudansvar
År Konflikt Tal på døde Storbritannias rolle
2003 Invasjonen i Irak 10000-55000 Britiske styrkar hadde ein underordna rolle i høve til USA
2001 Bombing av Afghanistan 15000-25000 Underordna rolle i høve til USA
1999 Bombing av Yugoslavia 1000 Underordna rolle i høve til USA men også som ein del av ein NATO operasjon
1998 Bombing av Irak 600-1600 Underordna rolle i høve til USA
1991 Golf-krigen Over 100000 Underordna rolle i høve til USA
1982 Falklandskrigen 655 Storbritannia i krig mot Argentina
1961-73 Krig i Søraust-Asia 200000-3000000 Sterk støtte til USA si krigføring. Britane hjelpte til både med etteretning og militære operasjonar.
1962-70 Krig i Yemen 100000-200000 Løynde britiske operasjonar og våpenstøtte.
1964-67 Britane slo ned opprør i Aden 300-900 Britiske «kolonistyrkar» var ansvarlege
1965-66 Krig mot kommunistar i Indonesia 500000-1000000 Storbritannia ga ulik direkte og  løynd støtte til generalane
1952-60 Krig i Kenya 150000 Britisk kolonikrig
1948-60 Krig i Malaysia 10000-13000 Britisk kolonikrig
1957-58 Opprør i Indonesia Eit par tusen Løynd operasjon i saman med USA til støtte for opprøret, inkludert våpen
1956 Invasjon i Egypt 1500-3000 Saman med Frankrike og Israel
1948-55 Opprør i Baltiske statar(del av Sovjet) 75000 Løynde britiske operasjonar for å støtte opprør
1953 Kupp i Iran 300 Løynd operasjon i samarbeid med CIA
1950-53 Koreakrigen Over 1000000 Britiske militære spela  ei viktig teknisk rolle som ein del av FN styrken(leia av USA)
1944-49 Borgarkrig i Hellas 6500-80000 Løynd militær operasjon til støtte for greske styresmakter
1945-49 Frigjeringskrig i Indonesia 5000-80000 Militær støtte mot frigjeringsrørsle
SUM 4 – 6 millionar