Kva er det massemedia driv på med? Boris Johnson har samanlika fotball VM i Russland i sommar med Hitlers Berlinolympiade i 1936. Kunne ikkje i det minste norske media tatt avstand frå ein slik uhyrleg påstand? Å nei, taktikken er enten å tie heilt stille, eller hive seg på bølga av russlandshat. Slik som når tidlegare redaktør Per Egil Hegge tysdag 27. mars på ei heilside i Aftenposten forklarar at det er ein russisk «regel» å fare med løgn, og at det er «åpenbart» at russerar som Lavrov talar usant i Skripalsaka. Det var slik demonisering jødane blei utsette for på 30-talet. Vi veit kva det kan føre til.

Men kan vi stole på engelskmennene? Fortalde MI6 og Blair sanninga om Weapons of Mass Destruction (WMD) i Irak? Sjekk ut kva Scott Ritter seier om dette, då han blei kasta som FN sin våpeninspektør til Irak i 1999, fordi han ikkje fann WMDane. Sjekk også ut boka «Unpeolpe» av Mark Curtis der ein kan lese om britiske MI6 operasjonar som Operation Rockingham eller Operation Mass Appeal som helt frå tidleg på 90-talet hadde ein agenda om å føre det britiske folket bak lyset når det galdt Irak og WMDar, for slik å skaffe støtte for ein krig mot Irak. MI6 planta også ulike løgnhistoriar om våpeninspeksjonane i massemedia.

Som vi veit så lukkast MI6 og den britiske regjeringa med dette. Med Blair i spissen vedtok parlamentet å gå med USA i Irak-krigen. Men etter kvart vart løgnene til MI6 og Blair avslørt. I Chilcot-rapporten blir Blair granska. Konklusjonane her er så sjokkerande for britiske styresmakter at vi bør tenke oss godt om før vi igjen festar lit til MI6 og ei britisk regjering.

Etter at Chilcot-rapporten kom ut i 2016 gjorde faktisk britisk presse jobben sin i kritikken av Blair. Her er sitat frå ulike britiske media.

Financial Times: “Chilcot Report into Iraq war delivers harsh verdict on Blair”.

Daily Mail: “A monster of delusion”.

Sun: “Weapon of mass deception”.

Times: “Blair’s private war”.

Daily Star: “Blair is world’s worst terrorist”

Independent: “Spinning on their graves”.

Sitat frå The Mail: “the duplicitous, dishonest, secretive, shallow and incompetent conduct of Tony Blair…” .