Den 14. april gjekk USA, Storbritannia og Frankrike til angrep på Syria for å straffe Assadregime for påståtte gassangrep på eigen befolkning den 7. april. Sjølv om å bruke gass er klart i mot folkeretten, gir dette ikkje dei tre landa løyve til å gå til angrep på eit sjøvstendig land. Også her er Folkeretten klar: Dette var imot internasjonal rett. Men korleis er reaksjonane frå norske politikarar og norsk presse: Det er visst ikkje så farleg med folkeretten. Det er viktigare ikkje å vere kritisk mot våre allierte.
Det står svært mye på spel i denne saka, faktisk heile vårt politiske verdsbilete. Tenk om det viser seg at gassangrepet var eit fingret angrep sett i scene av MI6, CIA og The White Helmets. Kor hard vil ikkje då den historiske dommen bli for Bondevik, Gahr Støre og Søreide når dei hevda: «Vi hadde forståelse for det dei tre landa gjorde».
Historia har lært oss at vi ikkje kan stole på etteretningsorganisasjonar åleine. Det er ikkje nok med med denne videoen som media over heile verda har vist omigjen og omigjen. Vi må ha uavhengig granskning og fakta. Akkurat dette er nå i ferd med å skje, at vitner frå Duma står fram og forklarar kva som hende.
På ei pressekonferanse i Haag i regi av russiske representantar frå OPCW hadde dei kalla inn 6 vitne frå Duma. Elleveårige Hassam Diab, som er eit av barna på videoen, fortalde korleis denne videoen om det påståtte gassangrepet blei laga. Det som han og foreldra og fleire tilsette ved sjukehuset fortalde ved pressekonferansen gir følgande bilete av det som skjedde.
Ukjende personar begynte brått å alarmere barn i nærleiken av sjukehuset om at eit gassangrep hadde skjedd, og ropte ut at dei måtte straks kome seg til sjukehuset. Der blei dei tatt imot, også av ukjende personar som begynte å sprøyte dei med vatn. Dette var svært skræmande for barna og det oppstod panikk. Nokre av desse personane filma det heile. Dette pågjekk ein times tid. Ein del av barna fekk hjelp med pusteproblem. Det hadde nemleg vore eit syrisk luftangrep i området som var årsak til svært mye støvforureining. Men helsepersonalet var heilt klare på at ingen av barna hadde symptom på gassangrep, og det var ingen døde.
På RT(Russia Today) kan ein finne videoopptak av desse vitnemåla. Vitna framstår som svært truverdige. Imot dette må nå USA, Storbritannia og Frankrike kome på banen med bevisa sine.