Med Trump i USA var det venta at tema rundt vårt tilhøve til supermakta kom opp på Arendalsveka dette året. Kan vi framleis ha tillit til vår viktigaste allierte med Trump som president? Eg fekk med meg to viktige sesjonar om dette der våre fremste ekspertar på USA, forskarar, politikarar og mediafolk, deltok. NUPI, Norsk utanrikspolitisk institutt, arrangerte «Norge i en verden av mistillit». Harald Stanghelle leia ein samtale med tema «Hva er galt med USA»?

Men det slo meg kor overflatiske og ahistoriske samtalane var, der alle diskuterte innafor dei same snevre rammene. Som om problemet med USA brått oppstod i februar 2017. Men skal ein forstå Trumf må ein også analysere politikken til dei siste andre presidentane i USA. Kunne vi ha tillit til Lyndon Johnson med hans krigføring i Vietnam, eller Nixon etter kuppet i Chile, eller George Bush og Irakkrigen? Ei liste av ugjerningane til dei siste amerikanske presidentane ville bli svært lang. Om ein hadde brukt prinsippa frå Nürnbergdomstolen, så ville alle amerikanske presidentar etter krigen vorte dømde (Chomsky: The Crimes of U.S. Presidents). Amerikansk krigføring har drept meir enn 20 millionar menneske i 37 ulike land etter 2. verdskrigen (Galtung). USA har alltid vist suveren forakt for folkeretten. Ta åtaka på Syria i 2017 og 2018 for påstandandar, som framleis er udokumenterte, om at Assad sette i gang gassåtak mot eigen befolkning. Eller alle sanksjonane mot Russland, Syria og Iran, utan rettsleg grunnlag.

Eller krigane mot Afghanistan, Irak og Syria. Krigen mot terror vart offisielt starta med åket på Afghanistan i oktober 2001. Alle NATO landa gjekk med på å sette i verk artikkel 5, at 9/11 var å rekne som eir åtak utanifrå på eit medlemsland. Men dokumentet som medlemslanda fekk 2. oktober som underlag for dette inneheld slett ingen bevis for at 9/11 var eit åtak utanifrå på USA (Corbettreport: Documents Expose The Secret Lie That Started the Afghan War). Men ingen av debattantane i Arendal reiste spørsmålet: Kan vi ha tillit til NATO?

Ein kan ikkje forstå USA utan ein analyse av rolla til djupstaten(The Deep State). Dette er andre ord for den maktstrukturen som Eisenhower og Kennedy åtvara stå sterkt imot, nemleg det militær-industrielle komplekset. Kennedy vart rasande då han blei ført bak lyset av CIA, og lova å splitte opp CIA i «tusen bitar». Så vart han myrda, og etter det er det ingen president som vil ta ordet «Deep State» i sin munn. Med den stadige aukande makta til etteretning og tryggingstenester i USA, bør Deep State nå kallast Det militær-industrielle-etteretnings komplekset.

Ekkokammer er eit omgrep som har fått ny betydning med internett og sosiale media. Det viser til grupper av personar med samsvarande meiningar som finn kvarandre på desse nye media. Og at meiningsutvekslinga blir snever, som eit stadig ekko av dei same oppfatningane.

På Arendalsveka opplevde eg å vere i eit ekkokammer når vårt tilhøve til USA blei diskutert. Alle snakka om Trump som hovudproblemet. Ingen ville snakke om maktstrukturane bak amerikanske presidentar. Har ikkje alle dei siste amerikanske presidentane vore ein «Trump»? Sjå på dei andre republikanske presidentkandidatane i siste valkampen. Var dei i grunnen så mye betre enn Trump? Noam Chomsky har hevda at om Trump blir avsett, så vil etterfølgaren Pence bli mye verre. Det er svært urovekkande at våre utenrikspolitiske ekspertar har eit så snevert syn på dette. Journalistar og politikarar må ut av ekkokammeret, og få nye perspektiv og motførestillingar til vår tryggingspolitikk og vårt tilhøve til NATO og USA.