Kan ekte læring og sunn utvikling finne stad når ein tek frå ungdommen kontrollen over eige liv?

Heilt sidan gymnastida på 60-talet har eg interessert meg for skolespørsmål. Og i alle desse åra har vi  hatt ein kontinuerleg debatt om skolen. Når ein ser på dagens skole og debatten om skolen, så har det ikkje kome fram grunnleggjande ny innsikt i kva som er skolens hovudproblem. Kva er det fundamentale i skolen som ein ikkje diskuterer? Etter mi meining er det dette: Kan ekte læring og sunn utvikling finne stad når ein tek frå unge menneske kontrollen over eige liv?

Tenk deg at du er på ein konferanse, og ein talar forlangar at alle må legge bort mobiltelefonar. Eit slik påbod vil du oppleve som krenkande. Du opplever å miste kontroll. Men slike reglar og påbod aksepterer vi skal vere daglegdags i skolen. Etter 40 år i skolen har eg gradvis utvikla forståinga for kor sentralt kontroll med eiga læring er for eleven. Dei siste åra i vidaregåande blei dei beste åra som lektor i realfag. I IKT klassane slo eg t.d. ikkje ned på elevar som «kopla av» med å sjå videoar i timen. Det blei aldri noko stort problem fordi det faglege opplegget var slik at dei aller fleste med glede tok ansvar. Eg såg korleis opplegget utløyste ei naturleg drivkraft for læring.

Læringsgleda kjem tilbake i heile kroppen

Eg har barnebarn i grunnskolen både i Bergen og i Oslo-området. Og fylgjer derfor spent med på  korleis dei opplever skolen. Men eg blir deprimert når eg ser kor lite som har endra seg. Kanskje det til og med har vorte verre sidan eg sjølv gjekk i 7-årig skole på 50-talet. Når femteklassingen kjem heim frå skolen ventar eg spent på å få høyre noko spennande frå skoledagen. Men aldri eit ord. Han får unna leksene i ein fart med minimum innsats. Det er som han vil fortelje: Det som har skjedd på skolen er ikkje viktig. Men så kastar han seg over PCen, og læringsgleda kjem tilbake i heile kroppen. Nå han sjølv kan styre tida og kva han skal finne på så er det som om den indre læringsmotoren blir skrudd på. Mange dagar er det time etter time med Minecraft. Utan tvang, utan lærar, utan friminutt. Etter fleire år med Minecraft spør eg: Blir du aldri lei? Svaret er: Nei. Ideen om at ein må bruke tvang på unge menneske for at dei skal lære er inngrodd i skolesystemet. Det er elefanten i rommet vi ikkje ser.

Ser ikkje foreldre korleis dette drep lærelysta hos dei unge

Når ein set barn til verda er det ei stor glede å følgje barnet si utvikling. Og vi har tillit til at barnet utviklar seg utan ytre tvang, styring og kontroll. Vi treng ikkje noko system for at det skal lære å krabbe, gå, snakke. Det viktige er at miljøet rundt barnet er rikt og stimulerande. Ingenting gleder foreldre meir enn å sjå korleis barnet gradvis tar kontroll over eige liv og læring. Men når du så sender barnet ditt til skolen endrar dette seg heilt. Nå må barnet gi frå seg denne kontrollen til eit eldgammalt  og rigid fagsystem. Ser ikkje foreldre korleis dette drep lærelysta hos dei unge. På 60 og 70-talet hadde vi ein grunnleggjande skoledebatt. Tenk på Nils Christies bok: Hvis skolen ikke fantes. Er det ikkje snart på tide at vi igjen diskuterer det grunnleggjande?