Den russiske mediekanalen RT, eller Russia Today, har fått mye merksemd i det siste. Mange politikarar og mediekanalar i vest hevdar at RT er ein reiskap for russisk propaganda og at kanalen sår splid i vestlege demokrati. USA har særleg vore kritisk, og har forsøkt å kneble kanalen ved å tvinge den til å måtte registrere seg som framand agent.

Media har ei nøkkelrolle i eit demokarti. Utan gode media forvitrar demokratiet. Men kva krav bør vi stille til journalistane og media?  Ein ting ein kan slå fast med ein gong at den viktigaste oppgåva ikkje skal vere å få høge sjåartal eller å underhalde. Ein god journalist stiller heile tida kritiske spørsmål til makta og til poltikarane. Ein journalist må ha noko på hjarte, må granske og kome med sjølvstendige vurderingar. Journalistikken skal gjere verda meir forståeleg for lesarar og sjåarar. Viktige nyheter må derfor alltid setjast i ein samanhang.

Mot slike krav ser ein at dei tradisjonelle kanalane som NRK, BBC eller CNN kjem svært dårleg ut samanlikna med RT. Eg har nytta RT i mange år og har eit godt grunnlag for å hevde dette.

Om ein tar NRK.no som samanlikning så ser ein dagleg at det som er viktig nesten alltid druknar i det som ikkje er viktig, det som bare skal pirre til fleire klikk. Kva er viktig i dag? Klimakrisa, og årsakene til denne. Historia til NATO og den kalde krigen. EU og EØS. Opprusting. Krigen mot terror. USA imperialismen. Osv.

Min daglege mediebruk fordeler seg omtrent slik: Ein time på RT og steigan.no. Ein halv time på andre YouTube kanalar som: TheRealNews, Globalresearch, The Jimmy Dore Show, Corbettreport, osv. Men kva med avislesing? Det blir 15 minutt på Klassekampen, 5 minutt på Aftenposten og 2 minutt på lokalavisa Agderposten. Slik er altså den nye mediekvardagen min. Dei tradisjonelle media har ein lang veg å gå.