I desse dagar er media svært opptatt av at det er 30 år sidan demonstrasjonane på Tiananmen -plassen i Peking. Og særleg at dette er ei sak som styresmaktene i Kina tier heilt stille om. Men er vesten og vestlege media så mye betre?

Den mest dramatiske hendinga i dette hundreåret, Krigen mot terror, må ein ikkje skrive og snakke om. Eg har prøvd å få inn stoff i Klassekampen om dette, og får detter svaret: Vi vil sjølvsagt kunne ta inn generelt stoff om Krigen mot terror. Men korleis denne krigen starta, 911, der går grensa. Dette vil avisa ikkje skrive om.

Velkommen til 1984! Takk og pris for at vi framleis kan diskutere 9. april. Medan akademia har forska mye omkring utbrotet av verdskrigane, Vietnam-krigen og Irak-krigen, så finns det så godt som ingenting om hendinga som starta Krigen mot terror. Gå inn på nettsidene til NUPI og søk på 911.

Men vi må jo kunne snakke om det viktigaste. Trond Skaftnesmo har skreve ei viktig bok om dette: «TabuTema 911». Men også ei slik bok må tiast i hel. Bare Ny Tid har så langt meldt denne boka.

Eg har lest ein god del av litteraturen som som granskar 911 i relasjon til den offisielle forklaringa. Skaftnesmo gir ei god og grundig oversikt og status for denne granskinga i dag. Boka innheld også ei oversikt over viktig litteratur og videomaterial om 911. Forfattarene kjem ikkje med påstandar om kva som eigentleg hende 11. september 2001 i New York. Sanninga kan bare kome fram gjennom ei ny og uavhengig gransking. Men det han konkluderer med, snart 20 år etter, er at den offisielle forklaringa ikkje kan vere rett.

Skaftnesmo har ei viktig drøfting av korleis dette har blitt eit tabu-tema. Og korleis media nyttar K-ordet(Konspirasjonsteori) for å stoppe all debatt om 911. Sett K-stempelet på ei sak, og du treng ikkje lenger sette deg inn i sjølve saka. Han drøftar også korleis 911-hendinga har blitt nytta som argument for å undergrave sivile rettar i vestlege samfunn, også i Norge.

Ein bør gå vitskapeleg til verks for å finne ut årsakene til at dei tre WTC-tårna rasa sama. Då står ein med to hypotesar: Enten den offisielle forklaringa at flykrasj og brannar var årsaka, eller alternativet at det var kontrollerte nedrivingar med sprengstoff. Våre media kunne jo spurt våre fremste fysikarar om dei vil gå god for den offisielle forklaringa. Eg trur eg kan garantere at ingen norsk fysikar vil støtte den offisielle forklaringa.

Tabu-temaet har også blitt også til ein tabu-tanke. Tenk på korleis dei som skulle stå i fremste rekke for å verne om demokratiet, dei intellektuelle, reagerer: «Krigen mot terror og 911, er det noe viktig? La oss bare skrive dette ut av historia». Tystnaden om Krigen mot terror er ei alvorleg undergraving av vårt demokrati.