Krigen mot terror starta eit par veker etter terroraksjonane 11. september 2001 i New York. George Bush var svært raskt ute med ei forklaring på det som hende: Det var Osama bin Laden og al-Qaida som stod bak. Men ekspertar på korleis skyskraparar kan rase saman, fekk straks mistanke til forklaringa til Bush-administrasjonen. Det vart sett fram krav om gransking. Noko som Bush sette seg imot. Det vart først i juli 2004 at rapporten frå 9/11 kommisjonen var klar. I den rapporten står det ikkje eit ord om WTC 7, bygning nr. 7 på World Trade Center. Men det er akkurat kollapsen av bygning 7 som reiser den aller største mistanken til Bush sin versjon av det som hende.

Tårna WTC 1 og 2 rasa rundt kl. 10 på føremiddagen. Dei hadde begge blitt treft av fly, og det utvikla seg lokale brannar. Men WTC 7 rasa først kl. 5.20 om ettermiddagen, utan å ha blitt treft av noko fly. Og det hadde bare vore lokale kontorbrannar i eit par av dei totalt 47 etasjane.

Truverdet til heile 9/11 forklaringa står og fell med forklaringa av korleis WTC 7 kollapsa. FEMA (Federal Emergency Management Agency) var den første organisasjonen som fekk i oppgave å forklare dette. Det greidde ikkje FEMA (mai 2002). Dei sette fram fleire hypotesar, men innrømma at ingen av desse hypotesane var særleg sannsynlege. Det blei dermed oppgåva til ein annan statleg organisasjon, NIST (National Institute of Standards and Technology), å finne forklaringa. Men det skulle drøye heilt til november 2008 før rapporten til NIST var klar. Konklusjonen til NIST er at bygningen rasa saman først og fremst på grunn av kontorbrannar. Men dei innrømmer at det er første gong i historia at ein høg bygning av stål rasar saman på grunn av brannar.

Men arbeidet til NIST var i utgangspunktet uvitskapeleg. Ein skal alltid starte med den mest sannsynlege hypotesa. Dei aller fleste ekspertar på korleis bygningar kan rase saman og som har studert videoar av kollapset, er samde om at dette såg ut som ei typisk kontrollert nedriving. Men denne forklaringa vurderte ikkje NIST i det heile.

Rapporten frå NIST blei sterkt kritisert frå mange hald. Deira forklaring er at søyle nr. 79 blei så svekka av brannen i etasje 13, at den sette i gang ein kjederaksjon som førte til kollapset. Men videoane viser noko heilt anna. Ikkje ein bygning som fell saman søyle for søyle. Men ein bygning som brått rasar saman symmertrisk i fritt fall.

Nå (mars 2020) har akkurat University of Alaska Fairbanks (UAF) lagt fram ein 4-årig studie av kollapsen av WTC 7. Studien vart leia av professor Leroy Hulsey. Han var i utgangspunktet motvillig til å ta på seg dette. Men om konklusjonen til NIST vart ståande, så ville dette vere alvorleg for tryggleiken til alle skyskraparar av stål.

Bygning 7 rasa  rett ned i si eiga grunnflate i løpet 7 sekund, der 2,5 sekund av dette var fritt fall. Hovudkonklusjonen til UAF er at brannar ikkje var årsaka til kollapsen. UAF nytta omfattande datasimuleringar. Konklusjonen til NIST er feil. Kollapsen kunne ikkje skje gradvis som NIST hevdar.  Men bare ved ein total svikt i heile bygningen, nemleg ved at alle dei 82 bærande søylene ga etter om lag på same tidspunkt. Rapporten seier ingen ting om kva som fekk alle søylene til å svikte på ein gong. Men det ligg jo nært å tenke på kontrollert nedriving.  Studien er finansiert av Architects & Engineers for 9/11 Truth. NIST har fått mulighet til å kommentere rapporten, noko dei ikkje har gjort. Konklusjonen vil styrke alle dei som har kjempa for ei ny gransking av det som hende 11. september 2001.