OPCW inspektørar blei nekta å framføre vitnemål for Tryggingsrådet om det dei fann i Douma

Har vi alt gløymt kva som hende i Syria 14. april 2018? Då verda stod farleg nær ein ny storkrig. USA, Storbritannia og Frankrike hadde lansert rakett og flyåtak mot Syria etter eit påstått kjemisk åtak i Douma ei veke før. USA opplyste at landet skulle bruke såkalla «smarte rakettar». Russland svara med at dei kunne angripe skipa som rakettane blei sendt frå, om russiske soldatar vart råka. Det kunne bli ei farleg opptrapping av konflikten i Syria. Åtaka var klart i strid med folkeretten. OPCW hadde ennå ikkje fått på plass sine våpeninspektørar, og såleis inga godkjenning frå FN.

Men veit vi kva som verkeleg hende i Douma 7. april 2018? Representantar frå opprørarane og Dei kvite hjelmane gjekk ut med påstandar om gassåtak frå Assadregime mot eigen befolkning. Fleire videoar som skulle understøtte dette ble distribuert til media over heile verda. Særleg ein video frå Dei kvite hjelmane blei mye vist, der ein ung gut, Hassan Diab, hadde ei «hovudrolle», som påstått offer for kjemisk åtak. Men syriske og russiske styrkar tok kontroll over Douma eit par dagar etter det påståtte angrepet. Dei oppspora då 13 deltakarar på denne videoen, og kunne slå fast at dei ikkje hadde vore utsett for eit kjemisk åtak. Desse funna saman med dei 13 blei presentert i hovudkvarteret til OPCW den 26. april. Men etter dette forsvann så denne berømte videoen brått frå alle vestlege media.

The beauty of our weapons
Vestlege media og særleg i USA, hadde i årevis presentert eit bilete av «Animal Assad»(Trump sin karakteristikk) som gassa eigen befolkning. Medan militære aksjonar frå vesten vart forherlega, og sett i verk utan at OPCW inspektørar hadde vore i Syria. Etter eit liknande påstått åtak i 2017 (Khan Shaykun) snakka Brian Wiiliams på MSNBC om «vakre rakett åtak» og siterte Leonard Cohen: «I am guided by the beauty of our weapons.»

Men kvifor kom aksjonen frå vesten før OPCW fekk gjort jobben sin i Douma? Inspektørane er uavhengige og respekterte vitskapsfolk. Frykta USA at fakta ikkje var på deira side? Inspektørane leverte ein intern rapport i juli 2018, der konklusjonen var at det ikkje var funne bevis for at kjemiske våpen hadde vorte brukt. Tidlegare hadde også OPCW kome med rapportar om moglege gassåtak i Syria. Men dette var første gongen at organisasjonen hadde hatt inspektørar på staden.

OPCW underkjende eigne inspektørar
I mars 2019 kom så OPCW med sin offisielle rapport. Men her var konklusjonen ein annan. Det viste seg at OPCW hadde sett ned ei ny gruppe av personar som ikkje var i Douma, for å lage ein ny rapport. Dei som hadde inspisert i Douma blei stengt ute frå arbeidet med denne rapporten. Nå vart konlusjonen endra til at kjemisk gassåtak med klor frå lufta var den mest sannsynlege forklaringa. Leiaren for den første gruppa av inspektørar, Ian Henderson, har stått fram i media og stadfesta denne snuoperasjonen. Dette blir også underbygt av fleire interne e-postar frå OPCW som WikiLeaks har publisert.

Russland har, som medlemsland i OPCW, fleire gonger bedt OPCW om analyser og fakta som kan underbygge den nye konklusjonen. OPCW viser då til tre uavhengige ballistiske analyser. Men desse analysene nektar organisasjonen å offentleggjere.

Douma granskinga til OPCW har bltt tatt opp fleire gonger i Tryggingsrådet (Arria-formula møter i januar og september 2020) etter påtrykk frå m.a. Russland og Kina. Under eit møte i haust fekk Henderson lov til å vitne. Han bad då om at dei inspektørane som hadde utført granskinga i Douma fekk legge fram sine resultat for Tryggingsrådet. Dette blei nekta blankt. Av USA sin FN ambassadør, Kelly Craft, blei Henderson stempla som «eit offer for eit russisk stunt».

Washington has ways to retaliate
På eit anna møte i haust hadde Russland og Kina invitert den første leiaren av OPCW, José Bustani, for å avlegge vitnemål. Dette ville heller ikkje eit fleirtal i Tryggingsrådet tillate. Kanskje dette var fordi Bustani hadde erfart korleis OPCW var politisk styrt av USA under Bush-adminstrasjonen. Under førebuinga til Irak-krigen blei Bustani utsett for press frå USA, og blei tvinga til å gå av. I 2002 gjorde Bustani ein avtale med Saddam Hussein som tillet OPCW inspektørar å koma uanmeldt til Irak for å drive våpen inspeksjon. Folk i Bush-administrasjonen blei rasande over dette. Viseutenriksminister John Bolton truga Bustani til å gå av: «You have 24 hours to leave the organisation, and if you don’t comply with this decision by Washington, we have ways to retaliate against you… We know where your kids live.»

Vi må ikkje gløyme Douma. Dette er eit døme på korleis USA utnyttar FN politisk, og korleis sentrale vestlege land systematisk fører oss bak lyset. FN organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) blei danna i 1997 og fekk Nobels fredspris i 2013. Nå har Norge fått fast plass i Tryggingsrådet. Kan vi nå håpe på at fakta om Douma får kome fram frå dei inspektørane som faktisk var i Douma?