Når fakta står i motstrid til djup overbevisning, så vel mange å lukke augene. På tretti-talet var mange Tyskland-blinde. Trass i stadig sterkare bevis for nazismens ugjerningar, så kunne ein ikkje få seg til å tru at dette var sant. Fordi kulturnasjonen Tyskland kunne jo ikkje gjere slikt. I vår tid er svært mange USA-blinde, særleg våre politikarar og massemedia. Slik ordla Bjørgulf Braanen seg i ein debatt arrangert av Ny Tid: «Dere skrev ikke at det var en inside-job, men alt dette her og teoriene om at det er plassert tusenvis av sprenglegemer i disse bygningene, er jo en teori om at det er en inside-job. Hvis dere ikke har sagt det, så greit, men hvem faen annen skulle levert det da? Masse små kinesiske menn som ble frakta inn i busser»? Klassekampen har aldri analysert 9/11, og avisa nektar konsekvent å ta inn stoff om dette.

I år skal vi markere to av dei mest dramatiske terroraksjonane i dette århundret: 10 år sidan 22. juli, og 20 år sidan 11. september. I Norge kan vi vere stolte av at vi nytta rettstaten til å bevise kven den skuldige var. Medan Bush-administrasjonen frå første sekund hadde som prinsipp: Kople ikkje inn rettstaten. Derfor er fakta om 9/11 frå USA så usikre. Korleis kunne Norge akseptere artikkel 5 i NATO i oktober 2001 utan eit rettsleg bevis for at “Det var Osama bin-Laden”? I verda i dag er det truleg bare eit lite mindretal som trur på Bush-versjonen. Medan tusenvis av fagfolk og uavhengige journalistar i 20 år har prøvd å finne ut kva som verkeleg hende.

University of Alaska har gjort ein 4-årig vitskapeleg studie for å etterprøve Bush/NIST sin konklusjon om at WTC7 (bygning 7 på World Trade Center) rasa saman på grunn av brannar. Konklusjonen er klar på at det er umogleg å forklare dette vitskapeleg.
Denne rapporten er dokumentert i videoen SEVEN: https://itunes.apple.com/us/movie/seven/id1538888084 5

Kva veit vi i dag om det som verkeleg hende den 11. september? Her er ei oppsummering frå Channel 5: https://youtu.be/XRKawaGWlDw 3.
Hundrevis av vitne høyrde eksplosjonar:
https://www.ae911truth.org/evidence/eyewitness-accounts-of-explosions 1

Så når skal vi slutte og gjenta dei feila vi gjorde på tretti-talet?