Hamid Gul: Al-Qaeda hadde ikkje ressursar til å gjennomføre ein så komplisert operasjon!

Media er nå fulle av analysar av krigen i Afghanistan. Men hendinga som starta krigen skal ikkje analyserast. At det var Osama bin Laden og al-Qaeda med støtte frå Taliban som stod bak eit terroråtak mot USA 11. september 2001 har i den vestlege verda blitt etablert som eit historisk faktum. Men Taliban sjølv har aldri akseptert denne Bush sin versjon av 9/11. Nå når Taliban har tatt makta i Afghanistan kan kan vi då vente at styret i Afghanistan vil legge fram bevis for at det ikkje var Osama bin Laden som stod bak 9/11? Og skulle dette kome så langt at ei internasjonal gransking gir Taliban medhald, så vil det då sjølvsagt kome astronomiske krav frå Taliban mot USA for krigsbrotsverk.

Då George W. Bush etter 9/11 forlanga at Taliban skulle utlevere bin Laden, svarte Taliban at dei ville gjere det dersom USA la fram bevis. Då svarte Bush: «We don’t need no stinkin’ evidence. We know he’s guilty». FBI sette sjølvsagt i gang etterforsking av bin Laden. Men talsmann for FBI, Rex Tomb, uttalte i 2006 at byrået hadde «no hard evidence» som kopla bin Laden mot 9/11. I programmet «The Investigation and the Evidence» på BBC News 5. oktober 2001 var konklusjonen at det ikkje fanns direkte bevis som kopla bin Laden mot 11. september åtaka. Den føderale tyske dommaren Dieter Deiseroth uttalte i desember 2009 at ingen uavhengig rett hadde stadfesta bevis mot bin Laden.

I Norge gjekk Bondevik-regjeringa i oktober 2001 inn for at Norge skulle støtte artikkel 5 vedtaket i Nato, etter eit vedtak i natorådet 3. oktober. Grunnlaget var vedtak i natorådet og i FN.

Korkje natoambassadør på den tida, Hans Jakob Bjørn Lian, eller statsminister Kjell Magne Bondevik (statsminister frå 19. oktober 2001) hugsar at USA hadde lagt fram bevis.

Men generalsekretæren i Nato, lord Robertson, hadde lagt fram ein rapport av ei 3 vekers gransking av 9/11-aksjonane. I ei orientering for natorådet og for medlemslanda 2. oktober sa han: «The facts are clear and compelling». At dette var å rekne som eit åtak utanifrå på USA. «Vi veit at dei som utførte desse åtaka var ein del al al-Qaeda, under leiing av Osama bin Laden. USA kan nå lite på full støtte frå dei 18 Nato landa i kampen mot terrorisme». Men samstundes kunngjorde han at denne rapporten ikkje kunne offentleggjerast.

I eit intervju med CBS News (22. aug 2019) hevda den sentrale talsmannen for Taliban, Suhail Shaheen, at Taliban alltid hadde visst at al-Qaeda hadde ingenting med 9/11 å gjere. Taliban var klare for å ta leiaren av al-Qaeda til retten om det blei lagt fram bevis for at al-Qaeda var involvert.

Den vanlege afghanar har så langt hatt lite kunnskap om 9/11. Då har situasjonen i Pakistan vore ein annan.

WorldPublicOpinion.org gjorde i 2007 ei meiningsmåling om muslimars oppfatning av 9/11. Mindre enn kvar fjerde muslim meinte at al-Qaeda stod bak. Pakistanarane var dei mest skeptiske, bare 3% trudde at al-Qaeda gjorde det.Tidlegare leiar for for ISI (The Inter Services Intelligence ) i Pakistan, Hamid Gul, støttar dette synspunktet. Hamid Gul var ein trestjerners pakistansk general, som fekk mye av æra for mobiliseringa av Mujahedin i motstanden mot den sovjetiske okkupasjonen frå 1979 til 1989. Han var med på å «bygge opp» bin Laden som ein fanatisk mujahedin, og hadde i alle år svært gode kunnskapar om Taliban og al-Qaeda. Alt den 26. september 2001 hevda han at al-Qaeda ikkje kunne stå bak 9/11 fordi organisajonen lang i frå hadde ressursar til ein så kompleks operasjon. Han hevda seinare at Taliban må kreve ei internasjonal gransking av 9/11.

Vi veit nå at artikkel 5 vedtaket vart tatt av regjeringa og vart ikkje lagt fram for Stortinget. Etter 20 år i Afghanistan, er det ikkje nå på tide at Stortinget og det norske folket få sjå bevisa som låg til grunn for at vi gjekk inn i denne krigen?