Eg har abonnert på DN i mange år, men er også aksjonær i Steigans Mot dag A/S. Etter denne leiaren i DN, «Rødt må kutte Steigan-båndene», trur eg faktisk at eg melder meg inn i Rødt. For nå er det ille i vårt demokrati.
Eg vil gjerne vere orientert og forutan lokalavisa Agderposten abonnerer familien også på Klassekampen og Aftenposten. Alt for 15 år sidan begynte eg å fylgje med på såkalla alternative media. Då eg for 10 år sida oppdaga RT blei eg overraska, for kvalitetsnivået der ligg jo langt over NRK, BBC , CNN osv. Og då Braanen i Klassekampen nekta å ta inn innlegg om Krigen mot terror fordi «Den krigen er vi ferdig med», så var det ikkje vanskeleg å støtte Steigan.no.
Det er ufatteleg kor dårleg pressa vår nå har blitt. Og når pressa sviktar så går det nedover med demokratiet. Europa og USA sit nå i ei anti-russisk boble der alle har USA-brillene på. Ikkje ein einaste redaktør kan nå seie det som er kjernen Ukraina-konflikten: At også Russland har krav på sikkerheit på lik linje med andre land.
Ein times lesing av Steigan.no gir for meg større innsikt enn dagevis lesing av DN. Så kvifor DN-abonnement? Vel, familien har fått ein god pensjonistpris, og så er det faktisk ein ting eg gler meg til kvar dag i DN: Hjerteråd sudoku.